TEATERPROSJEKT: Kreative elevar øver til teaterframsyning. Foto: Kaja Nygård
TEATERPROSJEKT: Kreative elevar øver til teaterframsyning. Foto: Kaja Nygård

Teaterprosjekt skal få ungdommen i rørsle

Denne veka har niande klasse ved Farnes skule besøk av danseinstruktørar, i samband med teaterprosjektet Ung 2016. 

Årdal: I fjor fekk ungdomsskulen i Øvre Årdal invitasjon frå Sogn og Fjordane Teater og den kulturelle skulesekken om å vere med i eit teaterprosjekt. Dette takka skulen ja til, så denne veka har niande klasse drive med teaterprosjektet. Laurdag kveld står dei klare til å framføre teateret i Årdal kulturhus.

I løpet av seks veker skal danseinstruktørane besøke seks ulike skular og utarbeide seks ulike framsyningar. Dei er ei veke på kvar skule. Gjennom dette prosjektet ynskjer Sogn og Fjordane Teater og den kulturelle skulesekken at barn og unge ikkje berre skal vere tilskodarar, men aktive deltakarar. Ungdommane skal skape kunst og sjølve vere utøvarar.

Trur på rørsle

Den tyske koreografen Nadia Razewski er leiaren for teaterprosjektet. Ho har jobba med dans i 20 år og likar det svært godt.

- Eg driv med dette, fordi eg trur på bevegelse. Eg synes dei unge brukar for mykje tid framfor mobilen og data, og nokre gonger er det fint å vite korleis ein kan bruke rørsle, seier Razewski.

Ho legg til at dette skal vere ein morosam måte for elevane å bevege seg på.

- Den første dagen er alt ganske nytt for elevane og dei er litt usikre, men det er vanleg. Etter kvart blir dei meir og meir sikre på seg sjølv og det synes eg er flott å sjå. Eg meiner elevane ved Farnes skule er veldig flinke.

Artikkelen held fram under biletet. 

RØRSLE: Elevane øver på koreografien.
RØRSLE: Elevane øver på koreografien.

Ho fortel vidare at ho er imponert over dei norske skulane. Ho har inntrykk av at det er god plass på skulane til rørsle og det tykkjer ho er viktig.

- Eg håpar og trur framsyninga laurdag kveld blir vellukka.

Neste veke går ferden til Hornindal for Nadia og resten av instruktørane.

Spanande og kreativt prosjekt

Farnes skule har aldri vore med på liknande prosjekt, og det er truleg første gong eit slikt prosjekt finn stad her i landet.

Tatjana Hestethun og Anette Svori er to av lærarane til niande klasse. Dei er samde om at dette er eit spanande og kreativt prosjekt.

- Elevane får ei litt annleis skuleveke. Dei får gjere andre ting enn å berre sitte med nasen i bøkene, fortel Hestethun.

Elevane har fått heile skuledagane til dans, og jobbar med dei 4 elementa, som er jord, vatn, luft og eld. Dei er inndelt i fire grupper og kvar gruppe har eit tema for sin dans. Deretter blir gruppene sin dans sett saman til ei stor danseframsyning.

- Dansen er laga av instruktørane på førehand, men elevane kan komme med kreative innspel undervegs, seier Svori.  

Ho fortel vidare at instruktørane er super dyktige og at lærarane er veldig glade for at elevane får vere med på prosjektet.

- Etter eit slikt prosjekt håpar me at elevane sitt att med ei god oppleving. Det er viktig at elevane har det kjekt på skulen, seier Hestethun.  

Ho legg til at dette forhåpentlegvis blir ein inspirasjon for elevane og at dei ser at det kan vere moro med bevegelse. Det er fint for elevane med litt andre måtar å jobbe på. Elevane kan oppdage nye sider ved seg sjølv eller ved andre.

- Det sosiale står sterkt i prosjektet.

Moro å vere med

Elevane Anna Thomassen Øren og Eirik Thomassen Øren er begge med på teaterprosjektet.

- Det er veldig morosamt å vere med, seier Eirik.

Anna er samd og legg til at instruktørane er veldig flinke.

- Me dansar til dei ulike elementa, og me brukar kostyme og rekvisita som passar til vårt element, fortel Anna.

Ho fortel vidare at nokre gonger får dei vere med å bestemme kva dei skal gjere i dansen.

- Me skulle blant anna seie kva stjerneteiknet vårt var. Deretter skulle me lage ein posisjon som passa til vårt stjerneteikn.

Når elevane skal kommunisere med dei tyske instruktørane bruker dei engelsk. Anna og Eirik ser ikkje på dette som eit problem, men heller ein fin måte å bli betre i språket.

- Teaterprosjektet har gått veldig fint og eg gler meg til å framføre dansen, seier Eirik

GLER SEG: Elevane gler seg til laurdagens framsyning og håpar mange tek turen til Årdal Kulturhus.
GLER SEG: Elevane gler seg til laurdagens framsyning og håpar mange tek turen til Årdal Kulturhus.

 

Til toppen