FARLEG FORTID: Teaterstykket Kvinna frå før er på fylkesturnè og kjem snart innom Sogn. Foto: Sogn og Fjordane teater/Oddleif Apneseth.
FARLEG FORTID: Teaterstykket Kvinna frå før er på fylkesturnè og kjem snart innom Sogn. Foto: Sogn og Fjordane teater/Oddleif Apneseth.

Teaterstykket «Kvinna frå før» kjem til Sogn

Når notida får besøk av fortida, betyr det trøbbel for kjærleiken.

Øvre Årdal: På tysdag kjem teaterstykket Kvinna frå før til Sogn, eit moderne kjærleiksdrama presentert av Sogn og Fjordane teater. Det er skrive av Roland Schimmelpfennig, ein anerkjent dramtaturg som òg må seiast å ha eitt av dei mest velklingande namna i teaterverda.

Stykket har aldri før blitt vist i Norge. Det handlar om eit ektepar som har budd i lag i over tjue år. No er dei på flyttefot, men plutseleg står ein tidlegare kjærast på dørstokken og krev at eit gamalt løfte om truskap blir innfridd.

Teateret omtalar sjølv framsyninga som «ei kompromisslaus spenningshistorie om fortid og notid».  Instruktør er Terje Skonseng Naudeer, som sjølv har bakgrunn som skodespelar, mellom anna og utruleg nok som rollefiguren Roland i NRK-serien Himmelblå.

Teaterturnèen kjem til Årdal Kulturhus 15. november, til Aurland Samfunnshus dagen etter og til Sogndal kulturhus dagen etter det igjen.

Til toppen