Billettinntekter:  2500 kroner gjev Farnes ungdomslag til MR-maskina i Lærdal. Ungdomslaget tek pengane av inntektene frå framsyninga av teaterstykkjet UTROligHET i april i år. Arkivfoto 
Billettinntekter: 2500 kroner gjev Farnes ungdomslag til MR-maskina i Lærdal. Ungdomslaget tek pengane av inntektene frå framsyninga av teaterstykkjet UTROligHET i april i år. Arkivfoto 

Tek av teaterpengane til MR-maskina

Teatergruppa til Farnes ungdomslag gjev av inntektene frå sist framsyning til MR-maskina i Lærdal.  

Årdal/Lærdal: – Det er såpass mange av oss i ungdomslaget som kjem til å få bruk for den så difor gjev me ein slump. Og det kjem jo heile sumfunnet til gode, seier leiar Bjørn Årebru.

UTROligHET

I april hadde Farnes Ungdomslag teaterframsyning for første gong på fire år - stykkjet UTROligHET gjekk for fulle hus i Årdal Kulturhus.

Les også: UTROligHET opna latterdøra

No går litt av billettinntektene til eit godt føremål:

– Me fekk inn såpass bra på dette teaterstykkjet at me ser oss råd til å bidra, seier Årebru.

Dermed har gruppa som jobbar med å få MR-maskin til Lærdal sjukehus 2500 kroner til i kassa. Farnes Ungdomslag har 85 medlemmar, og Årebru oppmodar andre store og små lag og foreiningar til å følgja på.

– Gje ein tusenlapp eller to, alle monnar drar. Men laget eller foreininga må jo ha økonomi til det, sjølvsagt.

Til toppen