SMIL!: Victor Grodås stiller villig opp når Kristina Brekke Hatlevoll ber om å få tatt ein sjølvie. For mange var møtet med sogndalsspelarane høgdepunktet på den femdagarlange fotballskulen. Alle foto: Halvor Farsund Storvik.

​– Tek eg bilete med dei, så har eg det for alltid

Kristine (10) fekk sjølvie med alle sogndalsspelarane.

Sogndal: Denne veka er 150 ungar samla på Tine fotballskule i Sogndal. Høgdepunktet for dei fleste er å få møte spelarane på Sogndal, som tirsdag tok seg god tid til å skrive autografar med ungane før fotballøkta starta.

Ei som ikkje nøydde seg med namnetrekket til dei åtte oppmøtte frå A-laget, var Kristina Brekke Hatlevoll. Ho tok likegodt ein sjølvie med samtlege.

– Då veit eg kven dei er, for det er litt vanskeleg å skjønne skrifta, seier ho.

Les også: Her blir neste generasjon burvaktarar skulerte

ETTERTRAKTA: Eirik Birkelund (i midten), Christophe Psychè (bak til høgre) og resten av sogndalsspelarar tok seg god tid til å skrive autografar til dei 150 deltakarane. 
ETTERTRAKTA: Eirik Birkelund (i midten), Christophe Psychè (bak til høgre) og resten av sogndalsspelarar tok seg god tid til å skrive autografar til dei 150 deltakarane. 

Trivsel i høgsetet

Målet hennar er å få ein sjølvie med alle spelarane på laget. Frå før hadde ho Mathias Dyngeland og Martin Ramsland i samlinga, fredag kjem heile troppen på grillfest på avslutningsdagen for fotballskulen.

– Tek eg bilete med dei, så har eg det for alltid, seier Brekke Hatlevoll.

Asbjørn Svedal Hatle (9) var ein av dei som såg fram til å lære av førebileta på A-laget, men som son til fjøratrenar Håvard Hatle har han tydelegvis allereie fått med seg det viktigaste. For på spørsmål om kva junior ser mest fram til i løpet av fem dagar fotballskule, kjem svaret kontant. 

– At me skal ha det gøy og at alle har det bra, og sånt.

–​ Kva trur du at du kan lære av A-lagsspelarane?

STJERNEMØTE: Mathias Fredheim Dahl og Asbjørn Svedal Hatle fekk møtet idolet Johan Hove, midtbanetalentet som i helga fekk debuten frå start i eliteserien.
STJERNEMØTE: Mathias Fredheim Dahl og Asbjørn Svedal Hatle fekk møtet idolet Johan Hove, midtbanetalentet som i helga fekk debuten frå start i eliteserien.

– Masse fintar, å drible veldig bra, å rope til kvarandre, å hjelpe kvarandre, og så å vere snille og ikkje negative mot dei andre, seier Svedal Hatle.

Uvant rolle for elitedebutanten

Kompisen Mathias Fredheim Dahl (8) var for so vidt glad for å få autografen til favorittspelaren på Sogndal, Johan Hove. Likevel var han langt frå å ta av etter møtet med sogndalsstjernene.

– Det hadde vore betre om vi hadde møtt spelarane på Chelsea, seier han, forhåpentlegvis med ein viss porsjon ironi, sjølv om det aldri er godt å vite.

Johan Hove (16) fekk startdebuten i eliteserien sist helg og måtte tole slengkommentarar frå lagkameratane om at han òg var deltakar på fotballskulen. Han innrømmer at det er ein ny situasjon at «alle» plutseleg veit kven han er.

– Eg er ikkje vant til at folk spør etter autografen min, men det er kjekt. At unge spelarar ser opp til meg det gir meg berre glede, seier han.

STORKOSA SEG: Trioen Stine Gustavsen Fimretite (9), Martine Lorentzen Brenden (8) og Celina Fredriksen Fimreite (9) seier dei elskar fotballskule. – Fordi det er skikkeleg morosamt og vi får Litago, forklarer Martine.

Fotballskulen opplever stor pågang

Fotballskule kan høyrast veldig seriøst ut, men på læreplanen står det meir enn innsidepasningar og vristspark.

ALLMØTE: Arrangementsansvarleg Marius Kloster prøver å få 150 ungar til å lytte medan han orienterer om kva som skal skje resten av dagen.
ALLMØTE: Arrangementsansvarleg Marius Kloster prøver å få 150 ungar til å lytte medan han orienterer om kva som skal skje resten av dagen.

Arrangementsansvarleg Marius Kloster seier det sosiale tel vel så mykje som det sportslege utbytet denne veka. 

– Det viktigaste for oss er å skape gode fotballopplevingar for flest mogleg, seier han.

Sogndal Fotball arrangerer Tine fotballskule årleg, to veker i året. Utøvarane er frå sju til elleve år og kjem i første rekke frå dei rundtliggande klubbane Syril, Norane, Kaupanger, Sogndal, Bjørn og Hafslo.

Pågangen er stor og i år måtte dei sette stopp for å ikkje sprenge trenarkapasiteten.

– Det vart fullt for ei veke sidan, seier Kloster.

AVGJERSLA FELL: Det er straffekonkurranse og gult lag følgjer spent med før det avgjerande sparket. Ballen gjekk i mål, noko den einaste smilande på biletet verkar å allereie ha skjønt. 
AVGJERSLA FELL: Det er straffekonkurranse og gult lag følgjer spent med før det avgjerande sparket. Ballen gjekk i mål, noko den einaste smilande på biletet verkar å allereie ha skjønt. 
Til toppen