PROVOSERT: Morten Skarsbø, leiar i Årdal Arbeidarparti, seier han let seg provosere når folk prøver å umyndiggjere politikarar med usaklege kommentarar på sosiale medium. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
PROVOSERT: Morten Skarsbø, leiar i Årdal Arbeidarparti, seier han let seg provosere når folk prøver å umyndiggjere politikarar med usaklege kommentarar på sosiale medium. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Tek eit oppgjer med «Facebook-troll»

Morten Skarsbø, leiar i Årdal Arbeidarparti, fryktar for rekrutteringa til politikken.

Årdal: Sandra Opheim (MDG) er ein av fleire politikarar som har fått hard medfart på sosiale medium i etterkant av valet. 

Miljøpartiet Dei Grøne sin einaste kandidat i kommunestyret og no varaordførar, fortalte torsdag at ho lot sonen Brage (5) trekka lodd om kven MDG skulle gå i sonderingsmøte med først av Senterpartiet og Arbeidarpartiet. 

Ikkje lest kommentarane

Dette har blitt mistolka som at loddtrekkinga avgjorde kven partiet skulle i forhandlingar med, noko Opheim avviser til Porten.no og seier dei aldri ville gjort. Det siste døgnet har den nye varaordføraren måtte tole mykje kritikk på sosiale medium som Facebook, der folk latterleggjer dette. Det har verken Skarsbø eller Opheim særleg sans for.

FÅR HØYRA DET: Både Arild Ingar Lægreid (Ap) og Sandra Opheim (MDG) har blitt nemnde til kommentarar med usakleg bodskap på sosiale medium.
FÅR HØYRA DET: Både Arild Ingar Lægreid (Ap) og Sandra Opheim (MDG) har blitt nemnde til kommentarar med usakleg bodskap på sosiale medium.

– Eg synest det er slemt å skriva stygge ting om andre, men eg har ikkje lest kommentarane. Eg har ikkje hatt tid til det, og for å vera ærleg kunne eg ikkje brydd meg mindre. Eg kan ikkje lata usaklege ting gå inn på meg. Det bryr eg meg rett og slett ikkje om, seier Opheim, som meiner kvinner er spesielt utsett.

– Det kan vera med på å hindra at folk engasjerer seg i politikken, og det er jo spesielt kvinner som blir utsett for slikt. Det er det ingen tvil om. Det er mange døme i rikspolitikken der dette skjer og kvinner trekk seg ut. Det er eit problem. 

Ei mistforståing

Skarsbø seier han er mest bekymra over dei som set sin signatur på uvettige kommentarar og ber folk tenkja seg om. 

– Det er skjedd ei misforståing der ute. Det var ein tilfeldigheit at dei gjekk til oss, men så blir dei latterleggjort. Eg skjønnar at folk er skuffa. Dei var langt oppe dei som ville ha eit bytte, men måten det blir harselert på i bygda er over kanten, meiner Skarsbø.

Leiaren i Årdal Ap innser at som politikar skal ein tole ein del, men utfordrar dei som vil til å setja seg sjølve i same posisjon, der alt fokuset ligg på éin person.

– Folk vil jo vera med å bidra og utvikla bygda og samfunnet, men mange opplever at når du tek på deg ei rolle, så blir du latterleggjort. Det tek på. Ein ting er deg sjølv, men ein har familie også. 

HERSING: Fylkesleiar i Ap, Hilmar Høl, gjekk ut og støtta Opheim på Facebook og er bekymra for at hersinga kan føra til at rekrutteringa til politikken er minimal. Arkiv
HERSING: Fylkesleiar i Ap, Hilmar Høl, gjekk ut og støtta Opheim på Facebook og er bekymra for at hersinga kan føra til at rekrutteringa til politikken er minimal. Arkiv

«Facebook-troll»

Også fylkesleiar i Ap, Hilmar Høl, støtta Opheim og tok eit oppgjer med det han kallar «Facebook-troll». Han nytta nettopp Facebook til å engasjera seg og publiserte eit innlegg som han seinare sendte til Porten.no også. 

Høl understrekar at han ikkje var ein del av forhandlingsutvalet til Ap, men meiner det er usunt for rekrutteringa til politikken når folk henger ut kvarandre.

– Eg får høyra det eg også, men eg har vore med så lenge at eg toler det. Sandra er heilt ny, men ein sterk person. Når ein tenker kva dei nye politikken blir møtt med, kan det vera fare for at rekrutteringa til politisk arbeid, der folk folk er redde for å stå fram og gjera feil, blir minimal. Det er konsekvensen av den hersinga som foregår i samfunnet vårt.

Til toppen