VIL IKKJE HA GEBYR: Eit samrøystes kommunestyre vil ikkje ha betaling for bruk av samfunnshuset på Borgund, Lærdal idrettshall og bassenga på Øyri og på Borgund. Kåre Mentz Lysne (Ap), ordførar Jan Geir Solheim (Sp) og rådmann Alf Olsen jr. under siste kommunestyre før jul. Foto: Ina Eirin Eliassen

Tek ikkje gebyr for bruk av basseng, idrettshall eller samfunnshus

2016-budsjettet for Lærdal kommune vart også banka igjennom samrøystes i komunestyret torsdag. 

Lærdal: Alt i slutten av november hadde formannskapet samla seg om ein plan for korleis tala for 2016 skal gå opp. 

Etter å ha gått gjennom merknadane til budsjettet for 2016 og økonomi- og handlingsplanen for 2016 til 2019 under sist formannskap, ønska politikarane ein oversikt over kor mykje ein tenar på å innføre brukarbetaling på kommunale bygg, før avgjerda skulle opp til handsaming i kommunestyret torsdag 17. desember. 

Der kom Kåre Mentz Lysne (Ap) med framlegg om å gå for at rådmannens tilråding om å innarbeide endringar i økonomi og handlingsplan for 2016 til 2019 blir vedteken, og at det ikkje blir teke gebyr for bruk av Lærdal idrettshall, svømmebassenget på Lærdalsøyri og på Borgund, eller for bruk av samfunnshuset på Borgund.

– Me vil ikkje innføre brukarbetaling, men halde på tidlegare vedtak. Så får me heller vurdere det nærare om det blir naudsynt rundt handsaming av økonomi- og handlingsplan seinare i fireårsperioden, seier Lysne. 

Det vart samrøystes vedteke av kommunestyret, og ordførar Jan Geir Solheim (Sp) gratulerte dei folkevalde. 

Til toppen