PRIORITET: Mellom anna grunna den nye vikinglandsbyen i Gudvangen har prosjektet med VA-anlegg og parkeringsplass høg prioritet. Arkivfoto
PRIORITET: Mellom anna grunna den nye vikinglandsbyen i Gudvangen har prosjektet med VA-anlegg og parkeringsplass høg prioritet. Arkivfoto

Tek pengar frå reguleringsplanarbeid på is til VA-anlegg

Anlegget for vatn og avlaup på Gudvangen næringsareal er vorte vesentleg dyrare enn kva kommunen har budsjettert med. 

Aurland: Av sakspapira går det fram at i budsjettet for 2017 er det sett av ein million kroner til opparbeiding av vass- og avlaupsanlegg på Gudvangen næringsareal, pluss opparbeiding av parkeringsplass og montering av returpunkt for avfall.

Innhenta anbod på arbeidet syner at det er bohov for om lag 2, 7 millionar kroner for å få fullfinansiert arbeida. Arbeida som det er henta inn anbod på er tredelt:

  • Opparbeiding av VA anlegg: 2,4 millionar kroner
  • Opparbeiding av parkeringsareal: 200 000 kroner
  • Montering av returpunkt for avfall: 100 000 kroner

Såleis krev fullfinansiering ei tilleggsløyving på 1, 7 millionar kroner.

«Prosjektet har høg prioritet som følgje av etablering av Vikinglandsby og kajakksenter», står det i sakspapira.

Formannskapet i Aurland vedtok i førre veke å ta 1,5 millionar kroner til dette arbeidet frå arbeidet med reguleringsplanen for Smiebakken, der Solhammar-prosjektet eigentleg skulle starta i år.

Les også: Treg salsstart for Solhammar – ser på grep for at det skal ta seg opp

– På grunn av eit meirforbruk med VA–anlegget, samstundes som det ikkje vil skje noko på Smiebakken før tidlegast neste år – eller kanskje ikkje før året etter heller – har me pengar her me kan flytta over, forklarar varaordførar Leiv Jarle Bergheim (Ap)

Til toppen