STARTAR FOR SEG SJØLV: Etter å ha gått arbeidsledig i eit år, fekk Trond Olsen i Lærdal plutseleg sjansen til å blir forhandlar for Vimax. Den sjansen greip han. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STARTAR FOR SEG SJØLV: Etter å ha gått arbeidsledig i eit år, fekk Trond Olsen i Lærdal plutseleg sjansen til å blir forhandlar for Vimax. Den sjansen greip han. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Tek sjansen og startar for seg sjølv

Trond Olsen startar opp for seg sjølv og skal tilby sprosser og skodder i Indre Sogn.

Lærdal: Verdølingen som er busett i Lærdal, har gått arbeidsledig det siste året då denne sjansen dukka opp via NAV, fortel han. 

– Det var eit firma i Molde som bad meg ta kontakt. Då vart eg presentert ein jobb som går ut på å vera forhandlar av vindaugssprosser og skodder i Indre Sogn, seier Olsen. 

Frå lokalet i Lærdal skal Olsen produsere, selje og montere produkta. Det selskapet Vimax han skal gjere denne jobben for.

– Eg har gått arbeidsledig i eit år og fann ut at dette vil eg prøve på. Det er ingen risiko.Vimax har gjort forarbeid i 14 dagar og ordna med lokale på andre sida av vegen for det gamle potetlageret. Der leiger eg til produksjon. I tillegg har eg ordna meg Facebook-side og må drive litt marknadsføring og prøver å få støtte frå Lærdal Næringsutvikling, som seier dei er positive. 

Oppstart i april

Etter planen håpar han å vere i gong med produksjon frå 1. april. I mellomtida må utstyr og materiale på plass.

– Vimax låner ut maskiner. Her er det snakk om ei fresemaskin, kappsag og nokre enkle verktøy. Eg bestemmer sjølv om eg vil kjøpa det eller om eg vil låna det ein periode før eg kjøper. 

– Når lokale er i orden, kjem det to mann hit og hjelper meg med startfasen frå første ordre er motteken til den er levert. Eg har sett produksjonen i Bergen, og det såg veldig greitt ut, fortel Olsen.

Marknad

Han seier vidare at han vore på rundturar i bygda og funne ut at rundt halvparten av einebustadane i Lærdal ikkje har sprosser på vindauge sine, så det er absolutt ein marknad, trur han.

– Det er eit enkeltmannsforetak, men ein veit jo aldri. Det kan skje at det går så bra at ein skapar fleire arbeidsplassar i framtida. 

Til toppen