SOGNEVOTT: Kunne du tenkt deg å læra denna kunsten? Då må du nesten gi deg med på handarbeidskafé. Foto: Privat
SOGNEVOTT: Kunne du tenkt deg å læra denna kunsten? Då må du nesten gi deg med på handarbeidskafé. Foto: Privat

Tek Sognevotten fram i lyset

Hausten betyr strikketid for mange. No har du moglegheita til å lære deg alt om den tradisjonsrike Sognevotten frå 1930-talet. 

Onsdag 30. septermber er det tid for ny handarbeidskafé på De Heibergske Samlinger ved Sogn Folkemuseum på Kaupanger, der både utlodding og servering sjølvsagt høyrer med.

Plukkar fram att lokale tradisjonar

Denne gongen er det Sognevotten som skal fram frå gløymsla. På 1930-talet laga Alette Bull mønster etter eldre bordar frå Sogn, der Marie Vangsnes og Inga Wallaker tok initiativ til å laga votten. Historia og mønsteret til Sognevotten var for første gong trykt i vekeblande URD i 1937. Handarbeidskafeen er i samarbeid med Sogn bunadnettverk, som også vil fortelje om historia bak votten. 

– Det er veldig spennande å no ta fram att Sognevotten no som det er haust og strikketid, slik at me kan halde den lokale strikketradisjonen i hevd, fortel Anna Jorunn Avdem på museet og ønskjer alle som vil velkomne. 

Ta med pinnar for å strikke i lag

Sogn bunadnettverk har no laga materialpakke med mønster og garn som ein kan både sjå og kjøpa under handarbeidskafeen. Tek du med deg strikkepinnar i storleik 1,5 -2mm, kan du vera med å strikke kanten i tviband i lag denne kvelden. 

På handarbeidskafeen vil dei også syne fram bilete frå den store bunadsmønstringa i Aurland under Nynorske Litteraturdagar i 2014. Her kan du sjå modellar av bunader frå ulike tidsperiodar og med utstyr frå Årdal, Luster, Vik, Lærdal og Leikanger. 

Les meir om arrangementet her. 

Til toppen