Aurland: Dei folkevalde i Aurland ville ikkje gå inn for å bruke 13,5 millionar kroner på ei fullrenovering av Heradshuset i sentrum. I staden kostar dei på seg 3 millionar for å fikse taket, men kva huset skal innehalde i framtida er framleis uklart.
Ved å seie ja til alternativet til 13,5 millionar, ville Heradshuset fått taket renovert og eit nytt ventilasjonsanlegg. I tillegg ville ein ha sett på plass ein heis slik at bygget fekk ei universell utforming, men Leiv Jarle Bergheim (Ap) var ein av fleire som tok til ordet for at taket var nok i denne omgang.
- Les også: Heradshuset vert stengt i fleire månader

– Eg tykkjer det er ein uting at ei slik sak kjem opp på denne måten. Det følgjer ikkje ei teikningsskisse. Dette er såpass viktig at eg følgjer forslaget om å ta taket og ròteskadane no, og så kan me heller ta ein breiare debatt på kva bygget skal innehalde, sa han.
Feil med snarvegar
Forslaget var det Johannes Dalsbotten (H) som fremja. Han sikta til at det i budsjettet for 2017 vart sett av 1,6 millionar til føremålet og at dette berre er eitt av mange investeringsprosjekt kommunen jobbar med.
Alternativet med full renovering og heis ville også betydd eit låneopptak på rundt 10 millionar kroner.
– Eg meiner det ikkje er tilrådeleg å pressa inn eit så stort prosjekt allereie no. Kva vil dette ha å seie for driftskostnaden? Med eit lån på 10 millionar kroner og ei rente på 4-5 prosent snakkar me 600.000 kroner i året, sa Dalsbotten.

– Når ein veit at kommunen har mange store prosjekt føre seg, meiner eg det er feil å ta eit slikt prosjekt inn snarvegen utan at det har vore i nærleiken av ein budsjettprosess først.
Ville utsetje saka
På eit tidspunkt i debatten kunne det sjå ut til at heile saka vart utsett etter forslag frå David Underdal (Sp), men han trakk tilbake framlegget sitt etter ein liten pause.
I staden kom dei folkevalde fram til at å ta taket var nok i denne omgang, og så skal bruken av bygget opp til diskusjon i budsjettsamanheng til hausten. Men ein ting var dei heilt klare på:
– Ikkje lat oss lage eit nytt spøkelsesbygg som hotellet rett oppi her. Me må passe på at det er ser skikkeleg ut sjølv om alle har flytta ut av det no, sa Olav Ellingsen (Sp).