VIKTIG KNUTEPUNKT: Jernfjelltunnelen knyt saman Gulen Kommune i Sogn og Masfjord Kommune i det som før var Hordaland.
VIKTIG KNUTEPUNKT: Jernfjelltunnelen knyt saman Gulen Kommune i Sogn og Masfjord Kommune i det som før var Hordaland. (Foto: Google Street View)

Teknisk feil førte til stenging av tunnel

Jernfjelltunnelen i Gulen Kommune vart stengd tidlegare i dag grunna forureining, melder Vegvesenet. Dette viste seg å ikkje vere tilfelle.

Klokka 08:02 melde Vegtrafikksentralen Vest på twitter at Jernfjellstunnelen var stengd for trafikk grunna svært forureina luft. Avgjerdsla vart gjort etter at ein av målarane Vegvesenet har i tunnelen viste svært høge målingar av giftige gassar. 

– Målinga kom av ein teknisk feil. Ein av målarane våre viste høge gassverdiar, men Brannvesenet sjekka og fann ingenting. Målaren er no blokkert, og elektro arbeider med å utbedre feilen, seier Vegvesenet til Porten.

Tunnelen vart opna att kort tid etter den vart stengd.

Vegvesenet bekrefter vidare at feilen og stenginga ikkje har noko samanheng med arbeidet som pågår i tunnelen.

Til toppen