OVERFORBRUK: Prognosane for første tertialrapport syner at Lærdal kommune har eit overforbruk på 3,5 millionar kroner. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
OVERFORBRUK: Prognosane for første tertialrapport syner at Lærdal kommune har eit overforbruk på 3,5 millionar kroner. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Teknisk: – Ikkje eit reelt budsjett 

Den første teritalrapporten frå Lærdal kommune syner at tekniske tenester går med eit overforbruk på over 1,5 millionar kroner. 

Lærdal: Tekniske tenester og pleie og omsorg var dei einingane som gjekk med størst overforbruk dei første fire månadane av året. 

I budsjettnotatet for 2016 vart det frå Tekniske tenester gitt melding om:

«Eininga legg fram eit budsjett som er på råma, mange utgifter og reduserte inntekter er då ikkje medtekne. Eit budsjett på råma er soleis ikkje eit reelt budsjett og eininga tek forbehold om dette.»

– Utruleg provoserande 

Politikarane reagerte kraftig på tekniske tenester si «vil ikkje» innstilling til å ikkje følgja dei vedtekne budsjettrammene for 2016. 

– Det kjem ikkje fram kva tiltak tekniske tenester ønskjer å setja til verks for å komma ned på budsjettramma. Dette syns eg er utruleg provoserande som politikar og er ei respektlaus haldning overfor eit vedtak som er gjort av kommunestyre, seier varaordførar Trond Einemo (H). 

Annike Vanberg (Sv) sa seg samd under formannskapsmøte torsdag at «det var litt spesielt av teknisk». 

– Målet må vere å komme ned på ramma, sa ho. 

– Ikkje hyggeleg lesing 

Prognosen syner at tekniske tenester har eit overforbruk i høve tildelte rammer på 1.506.253 kroner. Saman med pleie og omsorg sitt meirforbruk på 1.758.693 kroner og avvik på nokre andre postar, går kommunen 3,5 millionar kroner i minus i forhold til den vedtekne budsjettramma. 

– Dette er ikkje hyggeleg lesing. Er det leikepengar me driver med? Eg har aldri sett noko slik forklaring før. Det at dei seier at budsjettet ikkje er reelt, er ikkje haldbart, seier Kåre Mentz Lysne (Ap). 

Han saknar også tiltak i tertialrapporten om korleis ein skal nå budsjettramma. 

– Eg reagerer på dette. I pleie og omsorg er det snakk om mennesker. Eg ville anta at det skulle vere enklare for teknisk å halde budsjettet. Dei får ikkje tunge brukarar, sa Gunn Beate Sjøthun (Sv). 

Pleie med størst overforbruk

Pleie og omsorg hadde det største avviket dei første fire månadane med eit meirforbruk på 1.758.693 kroner. Prognosen på meirforbruket var på rundt 300.000.

– På fast lønn ligge me der me skal, men det er ekstraressursar, sjukefråvær og overtid som står for mykje av overforbruket, seier rådmann Alf Olsen Jr. 

Det visere seg at eininga har auke i sjukefråværet og det var ikkje budsjettert med bruk av vikarar ved sjukdom.

Les også: Deler rom under ombygginga av aldersheimen

– Me har tiltak på plass og overforbruket vert teke tak i. Det er ganske krevjande og urealistisk å henta inn igjen meir på inntektssida. Eg deler bekymringa til politikarane og me må jobba beinhardt for å redusera, seier Olsen. 

Sjukevikarar i tenesta utløyser overtid spesielt når det gjeld kompetansemangel. Prognosen for heimesjukepleien syner eit overforbruk på lønskostnadane på omlag 1,5 millionar kroner.

Les også: Aldersheimen skal byggast om for titalls millionar

– Inntekssida er endra då me er inne i ein omstillingsprosess. Me har brukarar som har gått ut av naturlege årsakar. Det har vore ei endring i køyrerutene der me har fjerna ei av rutene, seier Olsen. 

Samla lønskostnader ligg høgt i forhold til budsjett, fordi kommunen måtte leige inn ekstra ressursar då heimesjukepleien tok over aldersheimen. Endringar i ressurskrevjande brukarar har også ført til mindre tilskot.

Ein halv million mindre

Prognosane syner at doktorheimen  har eit mindreforbruk på 550.000 kroner ved utgangen av året.

Mindreforbruket er fordelt på konsulent for funksjonshemma og aktivitetshuset. Doktorheimen fungera også som konsulent for funksjonshenmma. Her ligg innsparinga på løn og kjøp av tenester.

Rådmannsfunksjonane syner eit overforbruk på omlag 400.000 kroner. Dette talet er usikkert fordi prognosen er sett lik budsjett på dei utgiftspostane det ikkje er rekneskapsført noko på.

– Men me veit utgifta vil komme. Kostnaden på bedriftshelseteneste, juridisk bistand, og konsulenttenester vil komme over budsjett. I budsjettvedtaket vart det vedteke å sette av kr 250.000 til organisasjonsutvikling, seier Olsen. 

Det er eit overforbruk på 388.021 kroner for oppvekst ved utgangen av året.

– Dette skuldast hovudsakleg uføresette utgifter til ressurskrevjande barn i skule og barnehage, og må løysast gjennom overføringar til dei einingane det gjeld, seier Olsen. 

Til toppen