Sogndal: Forskar og bitcoin-entusiast Sven Ølnes har denne veka sett kursen til hovudstaden for å delta på Oslo Blockchain Day 2017.
– Eg vil høyre Andreas Antonopolous snakke om bitcoin, seier Ølnes til Porten.no.
– Kven er denne Antonopolous?
– Andreas Antonopolous må seiast å vera «Mr. Bitcoin». Han har gjort bitcoin-foredrag til levebrød, saman med rådgiving om bitcoin, og reiser verda rundt for å snakka om temaet, seier Ølnes.
– I dag, tysdag, er han altså i Oslo; først for ei forsamling som må betala for å høyra på, og torsdag kveld kjem han til Oslo Bitcoin Meetup der han stiller gratis. Oslo Bitcoin Meetup er "hard core" bitcoin-entusiastar som samlast ein gong i månaden, med ulike tema knytte til bitcoin og utviklinga i teknologien.
– Du er også bitcoin-entusiast. Kva er bitcoin?
– Bitcoin er "the Internet of Money". Det er digitale kontantar som berre eksisterer på nettet i form av programkode. Det er ein teknologi som gjer det muleg å gjennomføra betalingar utan bruk av tredjepart (bankar og liknande journ. anm.), akkurat som vanlege kontantar. Men i motsetnad til fysiske kontantar kan betaling også skje digitalt, fortel Ølnes.
Ingen bankar involverte i transaksjon
Ifølgje Ølnes er bitcoin eit node-til-node-system der nettverket av nodar står for kontrollen av systemet saman med dei som driv bitcoin-"graving".
– Det er som eit gigantisk lotteri der det blir kjempa om å finna eit spesielt tal om lag kvart tiande minutt. Den som finn talet, får 12,5 bitcoin i belønning pluss samla gebyr for alle transaksjonar i denne perioden. Når nokon annonserer at dei har funne talet det blir leita etter, er det samtidig startskotet for neste kappløp om å finna eit nytt tal, og slik held det på uavbrote, forklarer Ølnes.
– På Oslo Blockhain Day skal dei ifølgje programmet snakke mykje om korleis blokkjedeteknologi kan revolusjonere finanssektoren. Kva potensiale ligg i blokkjeder?
– Bitcoin og blokkjedeteknologi viser oss framtidas betalingssystem; anten det skjer gjennom kontrollerte system frå dagens finansaktørar, eller som bitcoin som er utanfor styresmaktkontroll.
– Sjølv forskar eg på korleis bitcoin og blokkjedeteknologi kan brukast i offentleg sektor, avsluttar Ølnes.