Årdal: Onsdag løyvde politikarane i fylkestinget fem millionar kroner til eit nytt teknologisenter i Årdal. Einaste atterhaldet er at fylkesrådmannnen først må avklara om utbetalinga er i tråd med statsstøtteregelverket.
– Det er veldig hyggjeleg. Då har me meir eller mindre fått fullfinansiert satsinga, seier Terje Laberg i Årdal Utvikling, om gladmeldinga.
Store planar

Som me har skrive om tidlegare, er målet å etablera eit teknologisenter i Årdal. Senteret skal driva forsking og utvikling, med fokus på prosessindustrien i kommunen, som aluminiumsprodusenten Hydro og solcelleprodusenten Norsun er eksempel på.
Eit selskap har blitt oppretta for føremålet og fått namnet Sitep. Det står for senter for innovasjon, teknologi, og prosess.
Planen er å etablera kontor i dei tre hydrohusa i Øvre Årdal, og anten bygga ein øvingsfabrikk, eller å leiga høvelege lokale for å få ein slik på plass. Detaljane blir avklarte utover hausten.
Laberg: – Masse spanande prosjekt
Laberg fortel at selskapet skal ha generalforsamling allereie på måndag, der det vil bli gjort ein emisjon og eit nytt styre skal på plass. Næringslivet i Årdal skal inn på eigarsida, med tunge aktørar som Hydro og Norsun i spissen.
– Så startar det verkelege arbeidet, seier Laberg.
Frå før har teknologisenteret fått tilskot gjennom bedriftsnettverket til Innovasjon Norge, noko som garanterer dei 750.000 årleg i tre år framover.
– No gjeld det å få tilsett flinke teknologar utover hausten, så startar arbeidet med masse spanande prosjekt, seier Laberg.