Indre Sogn: Kundar av Telenor har slitt med mobilnettet i fleire timar måndag, men no skal feilen vere retta, melder selskapet på si Facebook-side.
Feilen oppstod rundt klokka 11.15 måndag føremiddag og førte til at ein tredjedel av anropa i mobilnettet feila.
– Telenors driftsmiljø har sidan feilen oppstod jobba på spreng med å feilsøkja og feilrette. Me beklagar dei problema denne feilen har medført for våre kundar.