VEKAS FOTO: Utsyn mot Hurrungane.
VEKAS FOTO: Utsyn mot Hurrungane. (Foto: Guro Saud Ødegård)

VEKAS FOTO

Telttur med utsyn mot Hurrungane

Vekas foto er teke av Guro Saur Ødegård.

Luster: Biletet syner systera, Maja Saur Ødegård og hunden Robbie, frå teltopninga midt i Jotunheimen. 

– Eg har ikkje vore så mykje på telttur tidlegare, men etter inspirasjon frå flotte turbilete på Instagram har eg sett at ein kan slå opp telt med fantastisk utsyn, og få ein fin tur ut av det, seier Saur Ødegård.

Ho kjem frå Gaupne, og jobbar som vernepleiar på Leikanger. 

– Når eg ikkje jobbar er eg glad i å vera sosial og aktiv, og så elskar eg å reisa.

Backpaking i Sør-Amerika

Dette er noko ho har prioritert masse. 

– Sist eg var på tur reiste eg på backpacking i tre månader i Sør-Amerika. 

Då var ho innom blant anna Colombia, Brasil, Bolivia, Ecuador, Peru, og Argentina.

– Dette anbefalar eg på det varmaste, og me opplevde utruleg mykje flott natur og kultur.

Vil bli flinkare på å utnytta norsk natur

Men når ho ikkje er på reisefot trivest ho blant fjell og natur i heimområdet òg.

TELTTUR: Guro og hunden Robbie. Foto: Privat

– Eg likar å oppdaga nye stadar heima òg, for me har sjukt mykje fint å sjå her òg.

Denne gongen enda turen i Jotunheimen med utsyn mot tindane, men neste gong er det ein annan topp på heimstaden som står for tur.

– Eg trur neste telttur må bli Molden, for det er mi favorittutsikt. Ellers står Beseggen og Geiranger høgt oppe på lista mi. Me har mykje fin natur i Noreg, og eg vil bli flinkare på å utnytta den, avsluttar Saur Ødegård. 

Til toppen