NØGD OPPOSISJON: Kåre Mentz Lysne (Ap) sparka tidleg i gang ballet med framlegg om endringar i vedtaket om dei økonomiske prioriteringane for dei fire neste åra, under kommunestyret torsdag. Men diskusjonane førte fram; partia vart einige om eit felles framlegg. På biletet i etterkant av møtet, Annike Vanberg (SV), Kristen Olav Grøttebø (Ap), Jarle Offerdal (Ap) og Kåre Mentz Lysne (Ap). Foto: Ina Eirin Eliassen
NØGD OPPOSISJON: Kåre Mentz Lysne (Ap) sparka tidleg i gang ballet med framlegg om endringar i vedtaket om dei økonomiske prioriteringane for dei fire neste åra, under kommunestyret torsdag. Men diskusjonane førte fram; partia vart einige om eit felles framlegg. På biletet i etterkant av møtet, Annike Vanberg (SV), Kristen Olav Grøttebø (Ap), Jarle Offerdal (Ap) og Kåre Mentz Lysne (Ap). Foto: Ina Eirin Eliassen

Temperatur og heftig debatt førte fram

Det var til slutt småsummar, som var rota til usemja mellom dei folkevalde om dei økonomiske prioriteringane for dei neste fire åra. 

– LOVAR GODT: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp), tykte semja mellom politikarane lovar godt for arbeidet dei skal igjennom dei fire neste åra.
– LOVAR GODT: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp), tykte semja mellom politikarane lovar godt for arbeidet dei skal igjennom dei fire neste åra.

Lærdal: – Me har eit budsjett på over 100 millionar kroner, der den politiske usemja var om summar godt under 500.000 kroner. Då bør ein klare å bli samde, noko me klarte godt, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp) etter handsaminga av økonomi og handlingsplan for 2016 til 2019 i kommunestyret torsdag. 

Diskusjonane førte fram til eit felles vedtak frå gruppeleiarane om retningen for drifta, noko ordføraren tykkjer lovar godt for dei neste fire åra. Likevel vart investeringane for perioden sett på vent fram til mars 2016. 

– Alle har gitt og fått

– I dag er alle partia vinnarar, alle har fått litt og har vist ansvar. Eg vil nesten seie at vinnaren er rådmannen, som har fått eit budsjett han kan stå inne for, og som det politisk semje om. Då har me same synet på utfordringane me står over framover, seier Solheim. 

KYRKJA: Audun Mo, fortel at dei alt har starta med å sjå på tiltak for kyrkja for å klare kutta.
Foto: Ina Eirin Eliassen  

Også Ap og SV var samla på bakarste benk etter kommunestyret var over. Kåre Mentz Lysne (Ap), tykkjer det har vore ein god dag, der alle parti har gitt og fått. Likevel legg han til at det blir ein tøff haust, då både investeringar for planperioden 2016 til 2019 og skulebruksplanen skal i hamn. 

Annike Vanberg (SV) seier ho er nøgd for å få inn ei meir faktabasert gjennomgang av renovasjonsbehovet ved Ljøsne skule, som vart peika på i merknadane frå skuleutvalet og FAU ved Ljøsne skule. 

Også Audun Mo (Ap), som uttalte seg i rolla som leiar for kyrkjestyret i Lærdal, var nøgd med at forslaget om å kutte 460.000 kroner frå kyrkja, vart halvert til 230.000 kroner. 

Kom tidleg med framlegg til endringar

Ap og Lysne sparka tidleg i gang debatten om økonomi- og handlingsplanen, med framlegg om mellom anna omfordelingar til leirskule, frivillige organisasjonar, kyrkja og investeringar til flaumsikring.

– LEVANDE GRENDER: Gro Starheimsæter (Sp) meiner det er viktig å satse på å investere i trivselstiltak for barn og unge.
– LEVANDE GRENDER: Gro Starheimsæter (Sp) meiner det er viktig å satse på å investere i trivselstiltak for barn og unge.

Gro Starheimsæter (Sp) var også raskt oppe med framlegg, som handla om å syte for finansiering til mellom anna uteområdet på Lærdalsøyri skule og renovering av basseng, for å kunne ha levande grender. Starheimsæter foreslo også å setje ned ei gruppe som skal sjå på kva investeringar ein treng for at Ljøsne skule skal få halda fram, utan at det blir fullrenovering. 

Opp mot kokepunktet

– Eit av grepa for å få økonomien i hamn er å bruke overskot frå Okken kraft inn i drifta i heile planenperioden. Sp garanterte under valet at desse midlane skal gå til investering og nedbetaling av gjeld. Når har det tenkt det skal gjelda, spurde Jarle Offerdal (Ap).

Han peika som Lysne på at dei fekk beskjed om at alt vart greitt før valet, så endra den økonomiske stoda seg raskt. 

– LEGG DET NED: Kristen Olav Grøttebø (Ap) kom med framlegg om å legga ned bassenget på Borgund, og avslutta med eit dikt.
– LEGG DET NED: Kristen Olav Grøttebø (Ap) kom med framlegg om å legga ned bassenget på Borgund, og avslutta med eit dikt.

– Den som kunne spå kva økonomisk svikt som kom, hadde vore synsk. Slike insinueringar vil eg ha meg fråbedd. Trur de me hadde gitt ein slik garanti om me visste noko? Me har klart oss utan å innføre eigedomskatt, då det er ein usosial skatt, men diverre gjekk det med kraftmidlar til drifta. For å kunne satse på barn og unge, må me snakke saman, for det trengs investeringar, seier Solheim. 

Ting vart ikkje betre då Kristen Olav Grøttebø (Ap) kom med tilleggsframlegg om å legge ned bassenget på Borgund frå 1. januar 2016, for å berga nesten to stillingar. Det fekk Stein Vidar Nemeth (Sp) til å sjå raudt, der Grøttebø fekk beskjed om å ta seg ein tur sjølve. 

– Kuttar me bassenget, går pengane til skyss. Det er vinn-vinn å halde bassenget ope, seier Nemeth og la til kor viktig det også er å finne pengar til skuleturen til 7. klassingane, før dei startar på felles ungdomsskule.  

Måtte mat til

Etter ei pause med julemat på Lærdal alders- og sjukeheim, var dei politiske leiarane kome til semje. Framlegga som kom opp før mat vart trekt, før eit samrøystes framlegg frå gruppeleiarane vart vedteke. 

Det var det opphavelege framlegget frå formannskapet, med tillegg om å sette ned ei gruppe for å sjå kva alternative løysingar for renovering av Ljøsne skule for vidare drift, parallelt med skulebruksplanen. Støtte til politiske parti er auka med 50.000 kroner, 7. klassingane får 35.000 kroner til leirskule, formannskapet får ein pott på 120.000 kroner, som skal gå til frivillige lag og organisasjonar, medan kyrkja får halvert kutta sine til 230.000 kroner. 

Drakamp om investeringane over nyttår

Då politikarane treng meir tid for å bli samde om investeringane for dei neste fire åra, vedtok kommunestyret at investeringane i økonomi- og handlingsplanen for 2016 til 2019, kjem oppatt til handsaming i mars 2016. 

Då kjem spørsmål og diskusjonar om investeringar i mellom anna flaumsikring, basseng og skule oppatt på ny. 

Til toppen