KØYRDE AV VEGEN: Ein tenåring køyrde av vegen og krasja i gjeringa ved Hydro natt til søndag. Foto: Tips.
KØYRDE AV VEGEN: Ein tenåring køyrde av vegen og krasja i gjeringa ved Hydro natt til søndag. Foto: Tips.

Tenåring køyrte av vegen ved Hydro

Ved 23.25-tida natt til laurdag køyrde ein bil av vegen på fylkesveg 53 ved Hydro.

Like før midnatt køyrde ein ung mann av vegen og krasja i gjeringa på fylkesveg 53, eller Tyinvegen, ved Hydro. 

Fleire vitne på staden opplyser til Porten.no at ambulanse var først på plass, deretter brannfolk og politi.

Politiet fortel til Porten.no at det var berre éin person i bilen og at ingen er skadd, men personen som krasja blei sendt til legevakta for kontroll.

Førarkortet til mannen som er i slutten av tenåra er kverrsett då det er mistanke om uaktsom køyring. Det er oppretta sak på forholdet, og denne vert etterforska vidare av Årdal lensmannskontor.

Sett vekk frå dette har det vore ei stille laurdagsnatt i Årdal og Lærdal.

Til toppen