KAN MISTA FUNKSJONAR: Trafikkstasjonen i Sogndal er den einaste i Sogn. I framtida kan det verta ein såkalla servicestasjon, med færre funksjonar.
KAN MISTA FUNKSJONAR: Trafikkstasjonen i Sogndal er den einaste i Sogn. I framtida kan det verta ein såkalla servicestasjon, med færre funksjonar. (Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv)

MEININGAR

«Tenester som du no kan få gjort på eit par timar, vil i framtida ta heile dagen»

– Nei til sentralisering av trafikkstasjonane, skriv distriktssekretær Nils Petter Støyva i LO.

Meiningar: Regjeringa Solberg vurderer å legge ned 26 av 72 trafikkstasjonar rundt om i landet. I tillegg vil dei endre funksjonane til mange av dei trafikkstasjonane som blir att.

Trafikkstasjonen i Sogndal vil bli endra til eit servicekontor, med eit langt mindre omfattande tilbod enn ved dei noverande trafikkstasjonane og kundesentera. Trafikkstasjonen på Nordfjordeid blir føreslått å vere ein oppmøtestad.

Dette er eit nytt sentraliseringsgrep frå regjeringa.

Mister arbeidsplassar

Det er ikkje akseptabelt å måtte køyre fleire timar for kontrollert ein bil eller ta eit førarkort. Tenester som ein no kan få gjennomført på eit par timar, må ein framtida bruke heile dagen for å få utført.

Dette medfører sjølvsagt at ein må ta seg frå fri arbeid med dei negative konsekvensane dette har for verdiskapinga og arbeidsgjevarane.

I tillegg til reduksjon i tenesteytinga, vil nedlegginga føre til færre statlege arbeidsplassar i distrikta. Kompetansemiljø vert svekka og brotne opp.

Endringane ved regionvegkontora og trafikkstasjonane vil føre til auka gjennomtrekk av tilsette i Statens vegvesen. Utrygge arbeidstakarar er sjølvsagt ein konsekvens av dette.

Skeptisk til privatisering

Samferdselsdepartementet bad føre jul Vegdirektoratet utgreie delprivatisering av Statens vegvesen. Det ligg i korta private skal kunne overta ansvaret førarprøvene.

LO vil ha trygge, kostnadseffektive løysingar på vegnettet vårt og desentraliserte og kompetente fagmiljø. Det må vere eit statleg og nasjonalt ansvar at innbyggjarane skal få eit likeverdig tilbod i heile landet. Vi fryktar at sentraliseringa og privatiseringa vil svekke trafikktryggleiken.

LO trur ikkje at private kan gje ei betre løysning. Når statlege oppgåver skal overtakast av private, risikerer vi at det ikkje lenger blir likskap for lova. Ei eventuell privatisering vil dessutan krevje eit omfattande byråkrati for kontroll og tilsyn.

Dermed vil «vinninga gå opp i spinninga». Dette er erfaringa frå andre land der profittstyrte aktørar har teke over offentlege oppgåver. Prisen aukar og tilbodet til folk blir dårlegare.

Kontrollerer tusenvis av køyretøy 

Dei tilsette på trafikkstasjonane utfører òg eit særs viktig arbeid knytt til kontrollar av køyretøya på vegnettet vårt.

I løpet av vinteren 2018 kontrollerte tilsette i Statens vegvesen 63.000 tunge køyretøy. Av desse var 1550 køyretøy utan godkjente vinterdekk og over 900 hadde manglar ved kjettingar.

Utanlandske vogntog er overrepresenterte i alvorlege hendingar på vegnettet. Kontrollverksemda til Statens vegvesen avdekker òg ulovleg kabotasje og sosial dumping. LO meiner dette er ei svært viktig oppgåve som må prioriterast høgare i tida framover.

Dette er ein svært viktig og kritisk samfunnsfunksjon som framleis må vere ei offentleg oppgåve.

Til toppen