Tenkjer du over kor mykje du kastar i bosset?

Berre førdianarane kastar meir hushaldsavfall i bosset enn årdølene i Sogn og Fjordane. Det er kanskje noko å tenkje på no før storinnkjøpa til jul. 

Årdal/Lærdal: Berre i Sogn og Fjordane er det stor variasjon mellom kommunane når det gjeld kor mykje hushaldsavfall som blir samla inn.

Statistisk sentralbyrå (SSB) har laga ein oversikt basert på tala for avfall og renovasjon for 2014. Her kjem Lærdal ut som sjette best i klassen med 759 tonn, medan Årdal kjem på nest sisteplass i fylket med 3.578 tonn. 

SSB syner og ein samanheng mellom forbruket i hushalda og kor mykje me kastar. 

Årdøler kastar meir enn snittet

Deler me avfallet på folketalet 1. januar 2014, som var 2174 personar i Lærdal og 5496 i Årdal, ifølgje SSB, kasta kvar lærdøl 349 kg hushaldningsavfall medan kvar årdøl kasta 651 kg i bosset gjennom fjoråret.

Det vil seie at i Årdal kasta ein lagt meir enn snittet, som på landsbasis låg på 438 kg hushaldsavfall per person i 2014.

Kastar dobbelt så mykje som i 2004

Totalt tok renovasjonen seg av 2,3 milliardar tonn hushaldsavfall på landsbasis i 2014. Det er mindre enn i 2013, men ikkje mindre enn ei dobling av avfall på 20 år. I 2004 vart det med andre ord brent dobbelt så mykje avfall som i 2014.

På same tid har også mengda avfall som blir sortert, auka til om lag seks gonger så mykje. Men det er verd å merke seg at sidan 2008, var 44 prosent av avfallet nytta til enten materialattvinning, kompostering eller biogassproduksjon, mot berre 37 prosent i 2014. 

– Kva med å gi noko som ikkje endar opp i bosset

– Desember er den store handlemåndaden, og me kjøper mykje som endar opp som avfall like over nyttår. Kva med å tenkje annleis med julegåvehandelen i år, og kanskje gje ei oppleving eller liknande som ikkje endar opp i bosset, skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på sine nettsider

AVFALL OG RENOVASJON: Husholdningsavfall i alt (justert for grovavfall og næringsavfall) per kommune i Sogn og Fjordane i 2014. Kjelde: Statistisk sentralbyrå
AVFALL OG RENOVASJON: Husholdningsavfall i alt (justert for grovavfall og næringsavfall) per kommune i Sogn og Fjordane i 2014. Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Til toppen