PRISLØNA: Ein av dei to prisløna terapirgeitene saman med Gunn Wester. Pressefoto
PRISLØNA: Ein av dei to prisløna terapirgeitene saman med Gunn Wester. Pressefoto

Terapigeiter frå Aurland kåra til Noregs dyreheltar

Geitene Lodne og Paprika er kanskje Noregs einaste terapigeiter. Dei har  jobba som motivatorar for både born og voksne på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland, og blir no heidra som «Norges dyrehelter».

Aurland: På tunet til Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland bur det to heilt spesielle gardsdyr, nemleg terapigeitene Lodne og Paprika. Blant anna gjer duoen ein glimrande terapijobb for tre vaksne som har sitt dagtilbod gjennom sosialtilbudet "Inn på Tunet".

Gunn Wester er tilsett på skulen og starta å ta i bruk Lodne og Paprika både i undervisninga og som ein del av gardens sosiale tilbod. Slik har både born og vaksne, funksjonshemma og andre vanskelegstilte hatt stor glede av og utvikla eit heilt spesielt forhold til geitene.

– Eineståande miljøarbeidarar

– Lodne og Paprika tilnærmar seg mennesker på ein helt eigen måte. Dei kan både underhalda med triks som å hoppa på to bein, eller ta piruett, men forheld seg også roleg og stødig i nærleiken av dei som treng det, seier Wester.

–Å gå i lag med Lodne og Paprika som er så sosiale og trent til å vera med folk som dei er, gir mange både meistringskjensle og glede. For fleire med funksjonshemmingar eller andre hindringar er dette første steg mot å føla seg trygg og komfortabel rundt andre dyr, held ho fram. 

At geiteterapi har positiv effekt på oss mennesker stadfestar også tidlegare elev, Janne Koot, som nominerte dei to til kåringa«Norges dyrehelter» i regi Agria Dyreforsikring:

– Lodne og Paprika er to eineståande miljøarbeidarar. På grunn av dei har mange opplevd gleda ved å omgås og stola på gardsdyr. Det at dei klarar å både vera rolege pelsterapeutar, men også underhaldande fjellgeiter og motivatorar på tur tykkjer eg er heilt unikt til geiter å vera. Ordentleg fine dyreheltar, rett og slett, seier Koot.  

Artikkelen held fram under biletet

TERAPI: Lodne og paprika er «Norges dyrehelter». Pressefoto
TERAPI: Lodne og paprika er «Norges dyrehelter». Pressefoto

Ei heldig vending

Både Lodne og Paprika skulle eigentleg slaktast ettersom den ein var veldig liten og den andre svært seint fødd. Men frå første stund utmerka geitene seg som ekstra sosiale, innbydande og kjærlege, og fekk umiddelbart mange vener blant tilsette og elevar. Difor valde Gunn å setja i gang ein redningsaksjon midt på natten.

– Eg har aldri sett killingar som har vekt så mykje engasjement og eg visste at her låg det eit stort potensiale. Difor bestemte eg meg for å redda dei like før slaktebilen kom. Eg stod opp klokka fem for å rekka å sykla til skulen i tide slik at eg fikk spurt fjøsansvarleg om lov til å behalda dei. Og slik blei det, seier Wester

Historia om Lodne og Paprika gjekk inn hjå juryen bak kåringa «Norges dyrehelter». 

– Med kåringa ønskjer me å setja fokus på dyra sin innsats i samfunnet. Me har fått inn mange flotte nominasjonar frå heile landet som viser kor viktige dyrevenene våre er for oss menneske. Lodne og Paprika er ein av dei meir utradisjonelle historiene, men er eit flott eksempel på korleis dyr kan brukast i terapi og til glede for mange menneske i alle aldrar, seier juryleder Christian Geelmuyden fra Agria Dyreforsikring

Donerer pengepremie til veldedighet

5000 kroner frå Agria Dyreforsikring som kan donerast til eit veldedig formål var premien. Valet fall på Avlslaget for sida trønderfe og nordlandsfe, som jobbar for å bevara og utvikla STN-rasen.

– Me i Agria ønskjer å bidra til at informasjon og bevaring av dyrerasar ikkje går i gløymeboka, og Avslaget for sida trønderfe og nordlandsfe er ein av mange organisasjonar som gjer eit uvurderleg stykkje arbeid på dette området, seier Geelmuyden.

Til toppen