Florøtrenar Terje Rognsø blir ny dagleg leiar i Sogndal Fotball

Florøtrenar Terje Rognsø blir ny dagleg leiar i Sogndal Fotball

Rognsø gjekk nyleg av som trenar i Florø. På ein pressekonferanse 13.00 i dag blei det kjent at han skal til Fosshaugane.

Sogndal: Klokka 13.00 onsdag kalla Sogndal Fotball inn til pressekonferanse. Der blei det kjent at rolla som det har vore mykje snakk om i nesten eitt år, er fylt av tidlegare trenar for Florø SK, Terje Rognsø.

– Eg gler meg til å ta tak i ein ny epoke i livet og ein ny jobb. Eg ser det som ein unik moglegheit. Det bygget me står i, infrastrukturen og folka som jobbar her, og å vera med å skapa noko. Dette ser eg verkeleg fram til, seier Rognsø.

Rognsø: – Mista gnisten som trenar

Rognsø har vore fotballtrenar for Florø dei siste åra, og var med å leia klubben opp i OBOS-ligaen. Nyleg vart det klart at dei rykker ned til neste sesong. 

Likevel er Rognsø klar på at han har ønskt å gå over i ei anna rolle. Han seier at å bli dagleg leiar i Sogndal fotball klubb er ei ære.

– Eg trur eg veit det meste om klubbdrift, i tillegg er me på eit heilt anna nivå når det gjeld tilsette og ansvar. Eg har sakna det ansvaret, då eg ikkje har hatt det dei siste åra, seier han og legg til: 

– Eg har jobba som fotballtrenar lenge, så no blir det fint å få ei pause og heller prøva nye ting. Me får sjå om den gnisten kjem att, den er ikkje her no, seier han til Porten.no.  

– Har du gjort deg nokre tankar rundt strategi og utfordringar? 

– Der blir feil å seia så mykje no. I alle organisasjonar er det utfordringar. Me må finna ein arbeidsmodell på korleis me skal jobba saman for å skapa betre resultat. Det er målsetjinga. 

Sogndal Fotball hadde kontakt med Rognsø i vår

Sidan juni 2018 har Hilde Østbø fungert som konstituert dagleg leiar, og når Rognsø trer inn i rolla 1.januar går ho tilbake i jobben som sjef for marknad og kommunikasjon. 

– Dette har fungert veldig flott. So me har prioritert å bruka nødvendig tid for å finna rett kandidat for å føra Sogndal Fotball vidare, seier Tor Arne Ness, styreleiar i klubben.

Han fortel at tilsetjinga av ny dagleg leiar blei utsett av fleire årsaker. Mellom anna at det var aktuelle kandidatar som ikkje kunne ta stilling til jobben på dåverande tidspunkt. 

– Eg prata med Yngve tidleg, i vår, om det kunne vera aktuelt. Men utfordringa var at me spela i same divisjon. Så skjønte eg at det kunne kanskje vera eit håp då dei utsette det, seier Rognsø. 

– Det var viktig i prosessen at dette ikkje skulle bli eit tema i forhold til Florø og Sogndal. Me skulle spele fotballkampar mot kvarandre og alt. Så prosessen er eg veldig nøgd med, seier Rognsø.

Sjå pressekonferansen frå Fosshaugane:

Ness er nøgd med tilsetjinga. 

– Styret i Sogndal Fotball har prioritert å få inn ein person som kan vera med og vidareutvikla kjerneproduktet vårt; fotballen. Både det å nå ambisiøse mål, det å sikte mot topp 12, samt det å utvikla lokale og regionale talent som kan ta steget inn i toppfotballen, seier Ness. 

Egil Mundal ga seg etter 7 år 

Etter sju år i leiarstolen, slutta Egil Mundal i Sogndal Fotball. Han blir no dagleg leiar i teknologiselskapet Rocketfarm, som òg har tilhald på Fosshaugane.

– Eg har fått gått ein fantastisk leiarskule i Sogndal, og det har gitt meg uendeleg mykje som eg vil vere evig takksam for.

– Etter over ti år i klubben, har hovudet no behov for nye utfordringar, medan hjarta har behov for å bruke meir helgetid på flokken min heime, sa Mundal i pressemeldinga då.

Etter avgangen til Egil Mundal, var det Yngve Hallèn som først vart konstituert som dagleg leiar. Den rolla hadde han frå årskiftet og fram til juni. Frå juni har Hilde Østbø vore konsituert. 

– Sogndal Fotball har hatt ei flott utvikling i tida med Egil som leiar. Både sportsleg og administrativt har klubben bygd eit sterkare fundament i norsk toppfotball. Han har jobba målretta mot å vidareutvikla samspelet mellom ulike fagmiljø på Fosshaugane Campus, og han har særleg ivra for å gjere fotballklubben meir teknologi- og kunnskapsbasert, sa styreleiar Tor Arne Ness i Sogndal Fotball i pressemeldinga.

Til toppen