USEMJE: – Sjølv om me er samde i mykje, så er det stor avstand på nokre felt, seier Rognsø.
USEMJE: – Sjølv om me er samde i mykje, så er det stor avstand på nokre felt, seier Rognsø.

Terje Rognsø gir seg som dagleg leiar i Sogndal Fotball

Det skriv klubben i ei pressemelding. Årsaka er usemje om val i omstillingsprosessen.

Sogndal: Etter knappe fire månader i stillinga, reiser Rognsø frå leiarstolen i Sogndal Fotball. 

– Eg vil takka styret, tilsette, supporterar og folk i Sogndal for tida i klubben. Eg har blitt teken imot på ein god måte, noko som eg set ekstremt stor pris på, seier Rognsø sjølv.

Han har hatt ansvar for å leia klubben gjennom ein omstillingsprosess. Frå 2018 til 2019 skal det kuttast seks millionar, mellom anna med å fjerna stillingar, meldte Sogn Avis tidlegare denne månaden.

Rognsø seier det har vore krevjande og at han og styret ikkje er samde om alle grep. 

– Undervegs kjem ein til vanskelege val, og sjølv om me er samde i mykje, så er det stor avstand på nokre felt. Det er styret som til slutt bestemmer. Det vil alltid vera vanskeleg når dette skjer, men klubben har fått satt eit heilt nødvendig fokus på prosess, så blir det andre som får ta utviklinga vidare, seier Rognsø.

I midten av november 2018 kom meldinga om at det var Rognsø som fekk leiarstillinga på Fosshaugane. Før det har fleire vore konstituerte i stillinga sidan Egil Mundal ga seg i 2017.

Styreleiar: – Må respektere at det er ulike syn

Tor Arne Ness, styreleiar i Sogndal Fotball, seie at den økonomisk situasjonen i klubben har gjort omstillinga meir utfordrande enn førespegla. 

– Terje har utfordra klubben på mange område, slik me håpa på, samstundes har han fått ein del vanskelege utfordringar i fanget denne perioden. 

– Me hadde håpa at Terje ville styra denne omstillinga vidare, men me må respektere at det er ulike syn på kva grep som skal prioriterast. Terje har vore open og løysingsorientert heile vegen, og me takkar han for tida i klubben, seier Ness. 

Til toppen