HISTORISKE VEGAR: Terrenglaupet Galdane rundt går på historiske vegar, og arrangøren har stor tru på at dette blir eit tradisjonsrikt laup i framtida. Foto: Christian Prestegård.
HISTORISKE VEGAR: Terrenglaupet Galdane rundt går på historiske vegar, og arrangøren har stor tru på at dette blir eit tradisjonsrikt laup i framtida. Foto: Christian Prestegård.

Terrenglaup på historiske vegar i Lærdal

– Flottare trasé finns ikkje å springe på.

Komande laurdag vert terrenglaupet Galdane Rundt arrangert for andre året på rad i Lærdal.

Laupet er lagt til historiske ruter og severdigheiter, og er ei flott løype for store og små, anten dei vil teste kondisjonen sin eller berre gå ein tur i naturfagre omgivnader.

Arrangement med stort potensiale

Laupet er arrangert av friidrettsgruppa i Lærdal Idrettslag med Bjørghild Holien og Anna M. Tråve i spissen og vart starta som eit prøvearrangement i fjor.

Målet var å tilby eit lettare, men framleis utfordrande alternativ til den vaksande trenden av motbakkelaup i fylket, som Storehaugen opp og Aosen opp.

Det vart ein umiddelbar suksess blant både lokale og utanbygds deltakarar. Over 80 personar deltok på fjorårets arrangement, og arrangørane satsar på å auke dette talet i år.

– Som arrangør ser me at laupet har eit stort potensiale etter berre gode tilbakemeldingar frå deltakarane, seier Holien.

– Mykje av friidrettsarrangementa går på asfalt, og trenden med motbakkelaup er framleis høgaktuell her me bur omkransa av fjell, men terrenglaup er nok ein trend som vil koma tilbake for fullt.

Eit tilbod for alle

Motbakkelaup er ein flott trend, og gjev mosjonistane ei utfordring samstundes som det gir konkurransedeltakarane eit mål å trene mot.

Løypene er derimot ofte krevjande for folk som ikkje stiller i konkurranseklassen, og arrangementa fokuserer ofte på tidene til dei som stiller sterkast.

Terrenglaup tilbyr dei same tinga som gjer motbakkelaup så attraktive: ei utfordring for dei som vil konkurrere mot seg sjølv og andre, og ei flott naturoppleving for dei som berre vil delta for å delta.

Galdane Rundt er lagt til ei ca. 8,7 km lang løype i kuppert terreng som ofte vert nytta av mosjonistar for trim og trening. 

Kongevegen

Stien går på den historiske Kongevegen, som er nyrydda av sherpaar i sommar. Rundløypa byr på flott natur, variasjon med bakkar og vegar av historisk verdi.

Starten i Koret går ned til garden Seltun, før den svingar over brua forbi Galdane, passerer elva Storsokni, Olavsklemma til Sjurhaugen der vendepunktet er. Returen går forbi Gravdalen og Gamle Seltaåsvegen til mål.

– Flottare trasé finns ikkje å springe på, seier friidrettsgruppa i ei pressemelding.

– Galdane Rundt er skjerma for trafikk og er familievenleg, og me inviterer både mosjonistar og konkurranselauparar til å delta på haustens høgdepunkt.

Terrenglaupet fekk ein god start i fjor, og friidrettsgruppa ser positivt på årets oppmøte og engasjement blant årets deltakarar.

Fjorårets vinnar i konkurranseklassen var Sondre Lillebostad, som sprang for Sogn og Fjordane Politidistrikt og kom i mål på tida 40:23.

Det er sjølvsagt deltakarmedalje til alle som stiller, premiar til klassevinnarane, og totalvinnaren i år får gratis deltaking på neste års Storehaugen Opp.

Utanom dette tilbyr laupet ei flott oppleving for alle som deltek, og kan verte byrjinga på ein flott tradisjon for turgåarar og laupsentusiastar i heile fylket.

Til toppen