Illustrasjon
Illustrasjon (Arkiv)

Tesla-eigar hevda nokon andre køyrte bilen – slapp fartsbot

Trass i at ansiktet til føraren vart fanga av kameraet i fotoboksen, kom tingretten til at det ikkje var utelukka at eigaren av bilen snakka sant.

Aurland: Det var i mai i 2016 at mannen, eller i det minste Teslaen hans, vart vart ferska av ein fotoboks på E16 i Gudvangen. Fartsgrensa var 70 kilometer i timen, medan føraren av bilen hadde køyrt i 77 kilometer i timen.

Med andre ord ikkje den verste overskridinga i historia og bota var neppe dyrare enn eigaren av Teslaen hadde råd til. Likevel nekta han å punga ut og påstod at nokon andre hadde site bak rattet.

I samband med fartsmålinga hadde fotoboksen knipsa eit bilete av føraren. Påtalemakta la fram dette biletet og eit passbilete av den tiltala som bevis på at dei var èin og same person. Dei meinte tiltala hadde eit karakteristisk ansikt som er lett å kjenna att på begge bileta.

Den sikta nekta for at han var på biletet, men var samtidig ikkje villig til å fortelja kven det kunne vera. Han forklarte at fleire personar hadde tilgang til bilen hans på gjerningstidspunktet, blant dei 7-8 personar.

Retten fann til slutt, etter å ha sammenlikna dei to bileta frå fotoboksen og passet grundig, at det ikkje var utelukka at forklaringa til tiltala stemte. Mannen vart frikjent av Sogn og Fjordane tingrett før helga.

Til toppen