Årdal: – Det er praktisk for oss at Tess no har kome til Øvre Årdal, tykkjer Einar Bragstad ifrå industriverksemda Impec.
Han seier det gjer det enklare for Impec å ha dei like i nærleiken. Og han trur at Impec dermed vil nytta seg av Tess endå meir enn før.

– For oss kan det vera vanskeleg å planleggja kva for utstyr me treng. Me kan brått få stans på anlegget, og då treng me å få fatt i utstyr fort, seier Bragstad.
Impec har hatt mykje kontakt med Tess over telefon når det har vore utstyr dei har hatt akutt behov for å få inn. Bragstad seier at sørvisen alltid har vore god og at Tess fylgjer raskt opp.
Men han trur det er ein fordel at Impec-tilsette no berre kan svinga innom sjølve og finna det som trengst hjå Tess på ein blunk.
Ynskjemålet til viktige kundar var avgjerande
Bragstad, eigentleg inntrøndar frå nordre Trøndelag, har budd på Årdalstangen sidan 1980-talet. Han synest det er litt synd at Årdalstangen mistar endå ein butikk.

– Men samstundes veit eg at dei fleste mekaniske verksemdene i bygda er i Øvre Årdal, og at Tess no kjem nærare mange av dei viktigaste kundane sine, deriblant oss, seier han.
Tess har viktige kundar på Årdalstangen òg, slike som Hydro sin karbonfabrikk, Årdal blikkenslager, entreprenøren O Hæreid og Norsun. Likevel har tyngda av kundar vore i Øvre Årdal.
– Me hadde ein runde hjå mange av dei viktigaste kundane våre og høyrde med dei kva dei tenkte. Tilbakemeldinga me fekk var at dei ynskte at me var i nærleiken her i Øvre Årdal, seier butikkleiar Harald Mjøs.
Han håpar ikkje flyttinga til Øvre Årdal vil verta til stor ulempe for kundane på Årdalstangen.
– Me kjem til å køyra varer til Årdalstangen for dei når dei bestiller. Me ynskjer å oppretthalda den gode kontakten, seier Mjøs.

Det nye lokalet er mykje større
Ikkje berre ligg Tess i Årdal no nærare mange av dei viktigaste kundane. Det nye lokalet er mykje større enn det gamle på Årdalstangen, og har ein stor kjellaretasje i tillegg til hovudetasjen. Attpåtil er ein nesten hundre kvadratmeter stor lagerplass også komen på plass. Det har dei ikkje hatt før.
– Før laut tinga liggja litt her og litt der, fortel Mjøs.

I tillegg har dei no fått eit eige verkstadrom ikkje langt ifrå kassaapparatet. Her framstiller dei hydrauliske slangar og luftslangar med forskjellige koplingar, som industribedriftene i Årdal etterspør.
Einar Bragstad i Impec seier det er svært positivt for dei at Tess får større lagerplass og større assortiment.

– Ettersom det er vanskeleg for oss å alltid vita i førevegen kva for utstyr me kan koma til å trenga, gjev det tryggleik for oss å vita at Tess vil ha endå fleire slangar, pumper røyr og ting som me treng på lageret.
Ser fram til å by bygda inn til storslagen opning av den fornya butikken
Når alle varene er komne på plass i hyllene litt seinare ut i mars, skal dei viktigaste vareleverandørane koma og fortelja om seg sjølve. I samband med dette skal det vera ei offisiell opning, der alle vil verta inviterte til å koma.