Øvre Årdal: Tysdag ønska Tess kundane velkomen til den nye butikken i Øvre Årdal. Over hundre personar var innom, og det vart servert kake, kaffi og pølser. I tillegg fekk nysgjerrige kundar sjansen til å stilla spørsmål til fleire av leverandørane som hadde møtt opp.
– Det var veldig mykje folk som kom innom og ein kjempefin dag. Butikken er blitt veldig fin, han er so forandra at det er heilt utruleg, seier avdelingsleiar Helge Reksnes, som spesielt gler seg over å få ekstra boltreplass.
– Me får litt betre plass inne og litt meir plass i butikken enn det var før. Det trengst, for me veks heile tida, seier han.

Flyttinga frå Årdalstangen er eit strategisk val for å komma nærare dei største kundane. Dette er noko òg kundane deira har etterspurt. Reksnes trur dei ganske snart vil få ein god oppsving i omsetninga som følgje av valet dei tok.
– Kor stor han blir i prosent er vanskeleg å seia, men signala me har fått frå kundane våre tyder på at me vil få ein fin auke.
Reksnes seier at flytteprosessen har vore hektisk. Slik måtte det bli, skulle dei nå målet om å unngå å halda butikken stengt.
– Me flytta på ein fredag og opna på ein måndag. Det vart tøft, men det gjekk, seier Reksnes.