Testa ut naudnettet med storøving

– Det er heilt fantastisk med naudnettet. Det er mange hendingar tidlegare eg kunne tenkt meg dette.

Årdal: Det seier lensmann i Årdal Magne Knudsen. Onsdag var det storøving på fylkesveg 53 i Årdal, der mykje mannskap frå samtlege naudetatar var i sving. 

Her øvde dei på ei bilulykke med fem personar involvert. Tre av desse var menneske som var sminka, medan dei to siste var dokker. Bakgrunnen for øvinga er at no er alle etatane på felles naudnett, noko som krev øving.

– Me har hatt dette i eit halvt år, men det vart felles i førre veke, så no er det berre å lære og bruke det, seier Knudsen.

Innkøyring

Litt spørsmål om korleis ein skulle bruke naudnettet dukka opp på evalueringsmøtet i etterkant, men både lensmannen, Inge Steinheim som observerte brannetat og Trond Vegard Sætre, som observerte helseetat, er samde om at dette fungerte fint.

– Naudnettet fungerer veldig bra, men litt puttel i kva kanalar ein skal liggja på og litt innkøyring er det jo, seier Steinheim.

– Men det er jo difor me øver.

Mange i sving

Etter at ulykke vart meld frå gjekk det kort tid til brannvesenet var på plass. Like etter fulgte ambulanse før politi kom til Loi, der øvinga fann stad. Også legar ved helsehuset rykte ut og deltok på øvinga. Totalt var det 36 personar i sving.

– Dette er ei samøving mellom brann, politi og ambulanse, med fokus på naudnett. Øvinga ser så langt veldig bra ut, men med mange observatørar rundt er det klart ein finn nokre småting, seier Sætre.

– Som kva?

– Det går litt på dette med eigen tryggleik og skumleggjing av bilane. Men det er sikkert litt øvingsteknisk med vegbana, slik at det ikkje blir glatt der.

Godkjend øving

Fylkesveg 53 er ein av dei mest trafikkerte vegane i Sogn og Fjordane, men i staden for å stoppe den heilt opp, slapp politiet passerande forbi for ikkje å lage meir brems enn naudsynt. 

Sjølv om etatane øver mykje kvar for seg, legg dei ikkje skjul på at slike storøvingar, der så mange personar er i sving er veldig hjelpsamt og lærerikt.

– Me er nøydde til å lære oss å bruke felles naudnett. Det er særs viktig at me får øvd på samvirke, rollene våre på åstaden og så vidare, seier Knudsen. 

– Det var ei veldig godkjend øving. Eg tok tida, og det gjekk veldig fort, seier Steinheim, som takkar Sunde Resirk for hjelpa med å hente vrakbilar som kan nyttast i øvinga. 

Til toppen