TEST: Den første utgåva av "mellomklasseløpet" "Sju fjell" var som ein test å rekna. Her er dei åtte deltakarane klare til start ved statuen av Aasmund Olavson Vinje. Foto: Eidsbugarden Hotell
TEST: Den første utgåva av "mellomklasseløpet" "Sju fjell" var som ein test å rekna. Her er dei åtte deltakarane klare til start ved statuen av Aasmund Olavson Vinje. Foto: Eidsbugarden Hotell

Testa ut toppturløpet "Sju tindar"

Den første utgåva gjekk av stabelen laurdag på toppar rundt Eidsbugarden.

Årdal/Vang: – Det veldig slitsamt og veldig artig samstundes Ein bør vera glad i å slita. Det blir slik at ein går i motbakkane og spring på flata. I alle fall vart det slik for meg – også dei fleste andre, trur eg, seier Thorbjørn Helgesen frå Bergen.

Han var ein av åtte som denne helga deltok i toppturløpet "Sju tindar" rundt Eidsbugarden. Løpet går – ikkje overraskande – over sju tindar eller fjell, er 22 kilometer langt og består av 1600 høgdemeter. 

Håpar å utvida løpet neste år

– Det er flotte fjell å springa i med god utsikt, ein ser mykje av løypa i løpet av turen - korleis den går frå topp til topp, held Helgesen fram.

Artikkelen held fram under biletet

GODT DRIV: Thorbjørn Helgesen på veg opp til Torshammaren.
GODT DRIV: Thorbjørn Helgesen på veg opp til Torshammaren.

Det er første året løpet blir arrangert, og årets utgåve var som ein test å rekna, fortel dagleg leiar ved Eidsbugarden Hotell, Olav Kjell Moen: 

– Me hadde med Tommy Støa på løpet - han har vore med på mange liknande løp, og gjorde litt for å promotera "Sju tindar".

Støa laga ein video frå løpet som ein kan sjå på Eidsbugarden sine facebooksider.

Artikkelen held fram under biletet

PROMOTØR: Tommy Støa laga film frå løpet, og hamna dessutan på ein 2.plass. Her på veg opp til Torshammaren.
PROMOTØR: Tommy Støa laga film frå løpet, og hamna dessutan på ein 2.plass. Her på veg opp til Torshammaren.

– Me håpar me får utvida løpet til neste år. Då går løpet av stabelen same helga, 7-9.juli, og me har alt fått ein del påmeldingar. Tanken er å få til nokre arrangement tidleg i sesongen for å auka besøkstalet litt denne perioden. Så me håpar det blir ein suksess.

3 timar og 43 minuttar

Moen forklarar vidare at "Sju tindar er eit løp som ligg mellom dei klassiske motbakkeløpa og ultraløpa over fleire titals kilometer og mange tusen høgdemeter - type "Ironman". Dei sju toppane deltakarane skal innom er:

  • Vinjeknappen, 1433 moh
  • Utsikten, 1484 moh
  • Tyinholmen-Utsikten, 1480 moh
  • Torshammaren, 1440 moh
  • Sløtafjell, 1406 moh
  • Høgbrotet, 1630 moh
  • Gravafjell, 1480 moh
RUTE: Dette er ruta Tommy Støa valde under løpet. GPS-spor frå "lommekjent.no".
RUTE: Dette er ruta Tommy Støa valde under løpet. GPS-spor frå "lommekjent.no".

– Det er valfri rute, altså blir det opptil deltakarane å finna den beste og kjappaste ruta. Slik sett blir kartlesing ein del av konkurransen, forklarar Moen.

Thorbjørn Helgesen, som altså deltok på "Sju tindar" fortel han brukte 4 timar og 44 minuttar. Vinnaren, Per Christian Sjøli, brukte 3 timar og 43 minuttar.

Artikkelen held fram under biletet

VINNAR: Per Christian Sjøli frå Minnesund vann løpet på 3 timar og 43 minuttar. Her på veg over Torshammaren.
VINNAR: Per Christian Sjøli frå Minnesund vann løpet på 3 timar og 43 minuttar. Her på veg over Torshammaren.

– Så var det nokre som brukte over seks timar. Dei hadde sett seg ned, ete litt og kosa seg, tok litt selfies på vegen og slikt. Så ein kan gjera det til eit koseløp også, seier Helgesen.

Basecamp til helga

Komande helg er det nytt arrangement på Eidsbugarden, då går basecamp av stabelen. Det blir guida toppturar, cruise med båten Bitihorn på Bygdin og konsert i kjellaren på Eidsbugarden Hotell tysdag kveld - som ein kick off til Vinjerock neste helg att.

– Det skal vera ei overrasking kva artist som står på scena tysdag kveld. Hotellet er nesten fullbooka. I tillegg kjem mange til å bu i telt rundt om her, seier Olav Kjell Moen.

Vidare fortel han at det er oppretta eit selskap som skal stå for arrangement som "Sju Tindar" og basecamp framover – "Heftye Opplevelser".

 

Til toppen