GOD LUNSJ: Ola Bakken og Åshild Vindedal nyt ein god lunsj på Lærdal bu- og omsorgsheim. Foto: Halvar Brugrand
GOD LUNSJ: Ola Bakken og Åshild Vindedal nyt ein god lunsj på Lærdal bu- og omsorgsheim. Foto: Halvar Brugrand

Testar ut eitt ekstra varmt måltid til bebuarane

På Lærdal bu- og omsorgsheim skal ein ikkje gå svolten til sengs.

Lærdal: - Det er no utruleg at dei klarar å laga all denne maten til oss kvar dag, seier Åshild Vindedal.

FYLDIG: Dagens første varme måltid er ei fyldig tomatsuppe med bacon.
FYLDIG: Dagens første varme måltid er ei fyldig tomatsuppe med bacon.

Klokka halv tolv er det klart for varm lunsj på Lærdal bu- og omsorgsheim. Denne dagen får bebuarane ei fyldig tomatsuppe med bacon. 

- Maten er god her, og eg et alt eg får, seier Vindedal vidare.

Sigrid Hovland spøkjer med at ho ikkje hadde sagt nei til eit glas vin til maten i staden for saft.

- Det får eg ta i kveld. Maten står det ikkje på her, seier ho.

Hyppigare måltid

Men når det kjem til faste måltid har tilbodet vorte utvida på nyåret. Vanlegvis får brukarane servert frukost klokka åtte og middag klokka eitt. Men dei siste par månadane har dei køyrt eit prøveprosjekt med varm lunsj klokka halv tolv og middag klokka tre.

- Tanken er at dei blir mettare seint på dag og kanskje rolegare om nettene. Så me har prøvd ut dette frå 16. januar og vil ta ei evaluering om me held fram etter kvart, seier kjøkensjef Brita Einemo.

Den nye planen for måltida har ført til at kjøkenet no held ope til klokka fem i staden for klokka tre, og også utkøyring av middag til dei som klarar seg heime har vorte forskyvd så heimesjukepleien leverer middag klokka tre i staden for eitt.

- Me har fått til dette gjennom å strukturera om, det er ikkje tilført meir ressursar, seier Einemo.

- Meir variert kost

Nikki Alberto og Tone Wallevik er ernæringskontaktar ved Lærdal bu-og omosorgsheim. Dei ser først og fremst to positive sider ved den nye ordninga.

- At det blir meir variert kost, seier Alberto.

- Og at dei får middagen seinare på dagen, legg Wallevik til.

Artikkelen held fram under biletet

PRØVEPERIODE: Ernæringskontaktane Nikki Alberto og Tone Wallevik meiner meir variert kost og at bebuarane får middag seinare på dag er positive sider ved den nye ordninga. Kjøkensjef Brita Einemo (t.h.) fortel ordninga vil bli evaluert etter kvart.
PRØVEPERIODE: Ernæringskontaktane Nikki Alberto og Tone Wallevik meiner meir variert kost og at bebuarane får middag seinare på dag er positive sider ved den nye ordninga. Kjøkensjef Brita Einemo (t.h.) fortel ordninga vil bli evaluert etter kvart.

Samstundes var det nesten så det vart for mykje av det gode for ein del av bebuarane dei første vekene etter at ordninga vart innført.

- Dette er eldre folk, og ikkje alle har all verda til matlyst. Så den første månaden tykte ein del det vart vel mykje mat; at dei ikkje fekk tid til å bli svoltne att til middagen. Men det tenkjer eg er ein tilvenjingssak, seier Wallevik.

Spørsmålet er om måla om rolegare netter og at nokre av bebuarane som treng å gå opp i vekt, faktisk går opp i vekt, blir oppfylt.

- Det har gått for kort tid til at ein kan seia noko klart om dette; førebels ser me ikkje at dei har vorte merkbart rolegare om nettene, avsluttar Wallevik.

Til toppen