I 51 kommunar må all elg, hjort og tamrein som blir levert til slakt, testast for hjernesjukdommen skrantesjuke, også kjent som CWD (chronic wasting disease). Inntil dyret er friskmeldt, får ikkje slakteria røre slaktet. Det kostar både tid og pengar, skriv Nationen.
– Testinga og alle restriksjonane kostar meg ein halv million ekstra. Dette er ekstremt upassande, seier slaktar Harry Dyrstad, som er dagleg leiar i Vilteksperten i Steinkjer. Han planlegg å kjøpe 1200 elgar frå jaktlag i regionen, men fryktar matkjedene vil kjøpe inn mindre viltkjøt.
Les mellom linjene
– Det blir sagt at elgkjøt ikkje er farleg å ete, og at sjukdommen ikkje har smitta til menneske. Men det held ikkje. Forbrukarane spør seg «kan det vere noko gale». Så ser dei at elg med CWD skal kastast. Då les dei mellom linjene.
Dyrstad stussar samtidig over at jegerar som sel kjøt rett til butikken eller til forbrukarane, slepp restriksjonane.
– Dette blir feil. Kvifor ikkje la også slakteria produsere som vanleg.
Tilsynsdirektør Kristina Landsverk i Mattilsynet skjønar at slakteria reagerer, men seier det er praktiske årsaker til at alt vilt ved slakteria blir testa.