Sogndal/Årdal: – Ein jamn kamp. Me hadde stort kontroll i førte minuttar, seier trenar for årdalsdamene, Olafur Sveinsson.
Dei to topplaga i 4.divisjon, avdeling 2 i region vest møttest i Sogndal torsdag. Kampen hadde ikkje all verda å seia – Sogndal har uansett vunne, og Jotun/Årdalstangen har uansett teke 2. plass.
– Klassespel av målvakt Hunderi
Når sluttresultatet altså vart 23 - 16 til dei kvitkledde er det eit resultat som lyg, ifølgje Sveinsson.
– Første gong dei kom i leiing var heilt mot slutten av første omgang.
Han tykkjer ikkje Sogndal treng bekymra seg for å ikkje bli matcha i divisjonen – førre kamp tapte sogndølene med seks mål mot Vik, og i denne kampen var dei på ingen måte suverene, slik kampen utspelet seg.
– Det kunne ha bikka eine eller andre vegen i andre omgang – i dag skulle det ikkje gått Sogndal mykje imot for at me hadde vunne.
– Kvifor vart det til slutt likevel ein ganske klar siger resultatmessig?
– For å vera ærleg er me ikkje fysisk godt nok trente til å halda trøkket oppe i seksti minuttar.
Til pause stod det 13 - 11. Andrea Luggenes vart toppskårar med sju nettkjenningar.
Og Sveinsson skryt særskild av målvakt Ann-Iren Hunderi.
– Ho var rå på bana i dag. Det er mykje høgare nivå enn fjerde divisjon, det ho levere. Rett og slett klassespel.