GARASJEROCK: Då Bakeriet vart opna i fjor, var det først og fremst i rockescene. Difor er The Dogs som hand i hanske til å spele her fredag. Foto: Malin Nilsson Schau.
GARASJEROCK: Då Bakeriet vart opna i fjor, var det først og fremst i rockescene. Difor er The Dogs som hand i hanske til å spele her fredag. Foto: Malin Nilsson Schau.

The Dogs klare for Bakeriet

– Basert på det bittelille eg veit er årdøler glad i ein fest, glad i musikk, og dei er opptatt av teak-møblar. 

Årdal: – Og alle dei tre tinga likar eg jo, så det blir bra.

Fredag kveld står Kristopher Schau og The Dogs for underhaldninga når dei entrar scena på Bakeriet og fyller lokalet med garasjerock. 

Schau har aldri spelt i Årdal før, så no meiner han det er på tide.

– Trommeslagaren vår er jo saman med Monica Hjelle frå Årdal. Ho er ei av Dogs-konene. Me føler på ein måte at no skal trommeslagaren heim, smiler Schau.

Klar med nytt album

Schau, kjend frå radioprogram som XL og Karate, og ikkje minst humorprogrammet Team Antonsen synest det er spennande å spela på nye plassar. Når han får vite at Bakeriet enno ikkje er eit år gamalt, lyser han opp.

– Det er topp at folk satsar på slikt. Ein ting eg har merka meg er at dei mindre plassane me spelar på blir meir levande dersom dei har ein ålreit spelestad. Då får band lyst til å stikke innom, og det gir ein bra effekt, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

NYTT ALBUM: The Dogs slapp eit nytt album i starten av januar.
NYTT ALBUM: The Dogs slapp eit nytt album i starten av januar.

For litt over ein månad sidan gav The Dogs ut sitt førebels fjerde album «Swamp Godspel Promises». I likskap med tidlegare album, har det blitt godt motteke av musikkjennarar. 

– Me er seks stykk i bandet, og samanlikna med det eg har drive med tidlegare har eg aldri vore i eit band der alle er så glade i å spela live som i dette. Det er ei speleglede og alle er veldig ivrige. Det er eit veldig overskot i bandet, fortel Schau. 

Enkel musikk

Det smittar over publikum. For Schau skal ikkje musikk vera vanskeleg.

– Det skal ikkje vera så jævla vanskeleg å henge med. Ein kan koma på konsert, aldri høyrt oss før og få noko ut av det. Me kosar oss veldig på scena. Me gjer ikkje dette fordi me tenar gode pengar. Det er eit par gonger me har øvd på dagtid og tenkt «tenk om dette var jobben vår». Slik blir det nok aldri, men eg har håpet enno. Det er 20 år til eg når pensjonsalder, så eg har 20 år på meg, ler han.

Lokal support

Med seg i support har Schau og gjengen fått med seg lokale heltar i STUV. Torsdag kveld er Bjørn Havro, Frank Runar Øren, Ørjan Lindborg, Ørjan Loftheim og Stefan Øren i sving i Hugin-huset framme i Utladalen.

Artikkelen held fram under biletet.

LOKAL SUPPORT: Før The Dogs entrar scena skal STUV varma opp med mellom anna Ørjan Loftheim (t.v.) og Bjørn Havro.
LOKAL SUPPORT: Før The Dogs entrar scena skal STUV varma opp med mellom anna Ørjan Loftheim (t.v.) og Bjørn Havro.

– Det blir gøy å spela for The Dogs. Det er eit band i vår ånd, og me likar Kristopher Schau historisk sett. Då me byrja med STUV, spelte me låtar frå Gartnerlosjen, fortel Havro.

– Ja, bandplakaten vår har ein gamal Datsun på bandplakaten, og då hadde me e-postkorrespondanser med Schau om å få bruka det som bandplakat, seier Frank-Runar Øren.

Drøymer om å spele inn album

Både han og Havro såg The Dogs på Malakoff-festivalen i Eid, og sistnemnde skildrar det som si beste konsertoppleving. Bandet seier dei set pris på at The Dogs vel å ha med seg lokal support og oppmodar årdølene til å ta turen.

– Eg har ikkje høyrt dei spela, og det gler eg meg veldig til. Uansett kor me spelar, vil me ha lokale band. Dei trekker vener og kjende, og så er det gøy å oppdage nye band. Det er litt av moroa å bli kjend med nye folk, seier Schau.

Gjengen i STUV sit sjølv med sine draumar om å få spelt inn musikken sin.

– Me har snakka litt om å lage ein katalog med nok låtar som me kan bruka på eit album og spela live. Me snakkar om at me vil spela inn her (Hugin-huset journ. anm.), og byggja opp studioet her. Det hadde vore moro. Det kan gjera det lettare for dei yngre banda å laga eigne låtar også, ikkje berre driva med cover, trur Havro, som skriv tekstane på låtane deira.

Til toppen