KONSERT: Julie Ervik spelar fredag kveld i Årdal Kulturhus under Nasjonalparkfestivalen. Foto: Presse. 
KONSERT: Julie Ervik spelar fredag kveld i Årdal Kulturhus under Nasjonalparkfestivalen. Foto: Presse. 

«The Voice» artist klar med nasjonalromantisk konsert

Songfuglen Julie Ervik skal fredag kveld syngje «Under Storen» som ein del av programmet til Nasjonalparkfestivalen. 

Årdal: Publikum kan gleda seg til ein spektakulær konsert i Kulturhuset saman med Julie Ervik og den lokale gjesteartisten Frida Tryti fredag kveld.

– I tillegg til dyktige musikarar, får me ei ekstra fin ramme rundt konserten med fotofølge som folk har teke av naturen i nærområdet, forklarar Frank Eldegard, arrangør av Nasjonalparkfestivalen. 

Les også: Lagar fest av natur og kultur

Sterke røter til bygda

Julie Ervik har budd og jobba som fysioterapeut i Årdal i tre år. I dag jobbar ho med det same i Oslo, men fordi musikken tek mykje av tida hennar, vurdera ho å kutta ned på fulltidsjobben. 

– I tillegg jobbar eg som artist og songpedagog, fortel Ervik. 

Ho har opptredd i Årdal fleire gonger, blant anna på Målrock saman med Olav Stedje og Monica Hjelle. Her song dei Eagles låter på nynorsk, som var eit prosjekt som vart starta i Årdal og vidareført andre stader i landet. Ho har spelt med lokale spellemenn som Kjell Hestetun, Bjørn Tore Årøy, Reidar Skår, Per Hillestad, Inge Ronny Årøy, Svein Dag Hauge, Nils Einar Vinjor og Øyvind Lægreid.

– Eg kjem nok til å spele ein eller to av desse låtene i kveld også, lovar Ervik. 

Fjord til Fjell og Påskerock er også arrangement som Ervik har spelt på før. Då ho budde i Årdal, var ho også medlem og solist i gospelkoret i bygda. 

1,3 millionar visningar 

I fjor var Ervik med på TV2-programmet The Voice og kom svært langt i konkurransen. 

– Etter The Voice kontakta eit engelsk firma meg for å laga eg jingles for NRK P1. Det er litt stas, for dei vert spelt i mange år framover, seier Ervik. 

Blind audition hennar på The Voice vart synt 1,3 millionar gonger på YouTube, noko som gjorde at eit produksjonsselskap i Los Angeles tok kontakt med ho og ville spela inn singelen "Last Love".

– Alt dette hadde nok ikkje skjedd utan The Voice og opptaka eg gjorde der. No går det veldig bra musikkmessig, seier ho. 

Frie tøyler 

Under Nasjonalparkfestivalen skal ho ha med seg fem dyktige musikarar på laget, ein flink lydmann og den lokale songfuglen Frida Tryti. 

– Eg har fått frie tøyler til å velja musikken min og tenker at det blir ein del natur og nasjonalromantiske songar. Men det er først og fremst tekstene det handlar om det songen skal fortelja. Dei handlar om å ta sjansar, stå på sitt og konfrontasjonar. Kanskje eg har eit indre behov for det? Seier ho. 

Ho ser fram til å spela under Nasjonalparkfestivalen og har trua på at det blir ein kvalitetskonsert. 

– Eg har ikkje fått så mange føringar på kva som er ønskja eller kva folk forventar. Det gir ein indre redselskjensla. Dei får ta det dei får. Eg er lykkeleg så lenge eg får bruka songstemma mi, men har aldri hatt ambisjonar om å stå fremst på scena. Det at namnet mitt no står på plakaten er veldig nytt og eit ganske stort steg for meg, avsluttar ho. 

 

Til toppen