KULTURELL SKULESEKK: Thea Hjelmeland skal spele for 4000 skuleelvar i Sogn og Fjordane dei neste vekene. Foto: Andrew Amorim.
KULTURELL SKULESEKK: Thea Hjelmeland skal spele for 4000 skuleelvar i Sogn og Fjordane dei neste vekene. Foto: Andrew Amorim.

Thea kjem til Årdal og Sogndal

På under to veker skal Thea Hjelmeland spele for 4000 skuleelevar i fylket.

Årdal: Den kritikarroste artisten frå Førde er på turné med Den kulturelle skulesekken (DKS). Fredag kjem ho til Årdal før turen går vidare til Sogndal måndag.

– Me er svært nøgde med å få med oss Thea ut på turné. Ho er ein unik artist, og elevane kan vente seg ei ikkje heilt daglegdags konsertoppleving. Musikken hennar er både nær, intim, open og energisk på same tid. Me gler oss til å gi elevane denne opplevinga, seier DKS-koordinator Øyvind Sunde Høstaker.

Thea Hjelmeland er ein av dei meste kjende artistane frå Sogn og Fjordane. Den unge musikaren og vokalisten frå Førde har hatt stor suksess med plateutgjevingane  «Oh, the third» og «Solar Plexus», som begge har fått strålande kritikkar.

Med seg på scena har ho eit knippe dyktige musikantar frå øvste hylle: Jo Berger Myhre/Morten Skage (bass), Matias Tellez (gitar) og Ivar Thormodsæter (trommer)

Til toppen