ENTUSIASTISKE: Utsendingane i det kanadiske selskapet som står bak teknologien som er aktuell for ein pelletsfabrikk i Håbakken var entusiastiske i sin presentasjon for formannskapet denne veka. Jean Lucas, visepresident for businessutvikling i selskapet, heldt sjølve presentasjonen. Foto: Ole Ramshus Sælthun
ENTUSIASTISKE: Utsendingane i det kanadiske selskapet som står bak teknologien som er aktuell for ein pelletsfabrikk i Håbakken var entusiastiske i sin presentasjon for formannskapet denne veka. Jean Lucas, visepresident for businessutvikling i selskapet, heldt sjølve presentasjonen. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– This is the future

Utsendingane frå det kanadiske firmaet som Simas er i dialog med om ein mogleg pelletsfabrikk på Håbakken, brukte store ord i møtet med formannskapet i Lærdal.

– Dette er eit flott prosjekt for Lærdal og viktig for resten av landet - spesielt bygdene, sa Aron Slater, styreleiar i ECO Waste Solutions.

Det kanadiske selskapet hadde sendt representantar til Lærdal i samband med den omtalte etableringa av ein pelletsfabrikk på Håbakken.

Les også: Håbakken kan få trepelletsfabrikk

– Brei politisk vilje

ECO Waste Solutions står bak teknologien som er tenkt nytta i pelletsfabrikken. Dei har spesialisert seg på å gjera søppel om til energi. Slater understreka at teknologien er velutprøvd, men at å setja det i hop på den måten som er tenkt i Håbakken, er ny. 

– Me snakkar om permanente jobbar, slike fabrikkar køyrer i over tretti år. Me vil vera med frå starten under installasjonen og oppbygginga, og undervegs - bidra med service og vedlikehald. Dette er framtida - så framt de vil ha oss. Teknologien er utprøvd i mange år, men å setja det saman på ein liten plass her, er ny. Me vil også gjera ei investering i fabrikken og bli ein liten del av det.

Artikkelen held fram under biletet

VILJE: Formannskapet i Lærdal signaliserte brei politisk vilje til prosjektet. Hallvard Thomassen (Simas, f.h.), Aron Slater (ECO Waste Solutions) og Knute Foss (COWI) på rekkja nærast.
VILJE: Formannskapet i Lærdal signaliserte brei politisk vilje til prosjektet. Hallvard Thomassen (Simas, f.h.), Aron Slater (ECO Waste Solutions) og Knute Foss (COWI) på rekkja nærast.

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) gjekk langt i å forsikra at politikarane ønskjer dette.

– Eg kan garantera dykk at dette er like viktig for oss som for dykk som for Simas. Her er me fem politiske parti som alle er einige om at me ønskjer dette.

Kåre Mentz Lysne (Ap) følgde opp slik:

– Det er brei politisk vilje til å sjå på dette, ingen vil seia nei til ganske mange arbeidsplassar. Samstundes er me opptekne av gode prosessar, dette må gjerast på ein god måte. Difor treng me ei konsekvensutgreing som gir gode svar. Det er eit grønt prosjekt og det blir ulempe blir det for nokon. Dei må me finna gode løysingar på.

– Eit av dei mest spennande prosjekta i Noreg, og det skjer i Lærdal

Trond Øien Einemo (H) sa følgjande:

– Dette gir ringar i vatnet, og desse ringane vil me vera med på.

Slater frå ECO Waste Solutions tok tråden med kva det ville bety for samfunnet vidare:

– Folk flyttar til dei større byane. Her i Noreg har de klart å oppretthalda desse nydelege små bygdene, men mange flyttar til store byar her også. Ein slik fabrikk med mange arbeidsplassar kan verka positivt her.

Gro Starheimsæther (Sp) tok opp miljøvinsten ved prosjektet:

– Dette er eit av dei mest spennande prosjekta i Noreg, og det skjer i Lærdal. Eg har følgd heile prosessen. Tenk på kor mykje CO2 me brukar på å køyra vekk søppel til Sverige, med eit slikt prosjekt vil me bruka opp søppelet sjølv.

Spurde om støy

Annike Vanberg (Sv) sa ho også har stor sans for slik grøn tenking, men ho stilte også nokre spørsmål.

– Dette med støy; veit ein meir om korleis det vil bli for dei som bur i området?

– Me klarar å isolera det meste av støyen ettersom sjølve produksjonen vil skje innandørs. Støyen som vil bli kjem frå lessing av tømmer og trafikk. Om det blir meir trafikkstøy enn det er i dag på Håbakken, torer eg ikkje å seia, sa Hallvard Thommasen, dagleg leiar i Simas Næring AS, som også var til stades.

Les også: – Kan me bu her i framtida?

Les også: – Naboane skal vera skadelause

Les også: Dette er støygrensene

Det same var Knute Foss, spesialrådgjevar innan bioenergi i COWI - eit rådgjevande ingeniørselskap som er part i arbeidet.

– Her kjem det litt an på kva løysing me går for på innlessinga, men mest truleg blir det snakk om ei kran som lastar opp rundtømmer. Eg har vore med å etablera eit forbrenningsanlegg midt i eit bustadfelt i Kirkenær der ein brann impregnert tømmer, og me var godt innanfor både støy- og utsleppskrav der.

– Plutseleg har nokon stole ideen vår

Fleire som vil bli naboar av pelletsfabrikken dersom den kjem på Håbakken har vore kritisk til mangelfull og treg informasjon om prosjektet

– Det er viktig at me ikkje øydelegg ei god sak med dårleg kommunikasjon, sa Vanberg.

– Eigentleg meiner eg me er altfor tidleg ute med dette - plutseleg har nokon stole ideen vår. Eg har fått mange telefonar etter at det kom ut i media. Men eg skjønar behovet, og difor har me fått desse frå ECO Waste Solutions og COWI  hit i dag, sa Thomassen i Simas.

– Me er på ein speeddate, avslutta Foss i COWI

Til toppen