RADARPAR: Radarparet formidla vakre tonar til publikum. Foto: Andreas Aannevik
RADARPAR: Radarparet formidla vakre tonar til publikum. Foto: Andreas Aannevik

Thomas og Eva tok Årdølene med storm

Eva Weel Skram og mannen hennar Thomas Stenersen tok Årdølene med storm då dei heldt akustisk konsert på Bakeriet laurdag kveld.

Med ei stemme av det sjeldne og plettfritt gitarspel tok dei to artistane publikumet på Bakeriet med på ei akustisk musikalsk reise ein laurdagskveld. Eit utsolgt bakeriet med omkring 260 personar hadde store forventingar for konserten, noko det kjende paret såg ut til å leve opp til.

Dei oppmøtte fekk høyre ei god blanding av hennar eigne låtar, men også songar frå programmet "Hver gang vi møtes", Aha og Unni Wilhelmsen. Med si vakre stemme framførte Vokalisten desse med glans. Mellom låtane fortalte Eva historiar rundt låtane, men også historiar knytt til Årdal. Her fekk ein også høyre ein ny låt kalla "Berre la meg ver" som skal sleppast seinare i år. Paret framførte konserten med ein raud tråd og god dynamikk.

Vakkert gitarspel

GODT DRIV: Thomas viste Årdølene at han absolutt er ein profesjonell musikar.
GODT DRIV: Thomas viste Årdølene at han absolutt er ein profesjonell musikar.

Det var ikkje ein einaste feiltone å høyre frå songaren under konserten, noko som ikkje berre dreia seg om Eva, men også gitaristen Thomas. Med både kassegitar og elektrisk gitar formidla han vakre tonar til Årdalspublikumet saman med Eva. Thomas, som tidlegare har vore på vegen med Kurt Nilsen og Jahn Teigen, spelte også soloar med eit særpreg som dei fleste får frysningar av.

Mykje av æra for den flotte opplevinga skal også lydmannen Ulrik Lysebo og Lysmannen Trond Øyre ha, som sørga for at dette vart ein stemningsfull kveld for bygda.

Positiv oppleving

Porten.no tok seg ein tur backstage for å høyre kva Eva og Thomas syntes om konserten:

– Det var veldig kjekt å spele for Årdølene. Det var ein slik enorm entusiasme, eg merka at det var mykje kjærleik i rommet. Under dei fleste låtane var publikum voldsomt med, for eksempel under "Vi lovar" var det heilt knyst stille.

Eva fortel også at ho synest det var kjekt at det var så mange forskjellige aldersgrupper i publikum. Publikum bestod av omkring 260 personar i alderen 20 til 70 år. 

Fyrste gong Eva spelte i Årdal var ho 14 år gammal på Stova saman med bandet "Cype." Seinare har ho vore i bygda ei rekke gonger med sitt eige navn på plakaten. 

– Eg har jo spelt her under Målrock og i Årdalshallen i 2010.  Eg såg på førehand at det vart veldig fort utsolgt, noko som viser at folk hadde lyst å komme.

Trommeslagaren deira Alf Magne Hillestad som sjølv er Årdøl, var til stades under konserten. Som Eva fortalte under konserten er dette første gong han sit i salen medan dei spelar.

Artikkelen held fram under bilete.

SAMPEL: Det var tydelig at dei to musikarane har spelt med kvarandre i mange år. Samspelet var ingenting å seie på.
SAMPEL: Det var tydelig at dei to musikarane har spelt med kvarandre i mange år. Samspelet var ingenting å seie på.

Foreldre kombinert med turnèlivet

I januar ifjor fekk Eva og Thomas ein liten gut kalla William. Sonen som nylig har fylt eitt år, har allerede fått vere med på mange spelejobbar. Paret hadde over hundre spelejobbar i 2016.

– Det var lettvint på den tida då var han så liten. Men no har han blitt større, slik at me prøver å kombinere det litt med å vere heime med han og. Nokre gongar må vi bruke mamma og pappa som barnevakt også. Vi prøver å holde konsertane til helgene slik at vi kan kombinere familielivet med turnèlivet også.

Vidare skal Eva og Thomas ha mange konsertar som duo, blant anna i Halden og på Hamar neste helg.

– Dei som ikkje fekk med seg konserten og har lyst til å høyre oss, kan kome til Sogndal 8. April, legg Eva til.

Til toppen