NOMINERT: Ketil Thorbjørnsen (biletet), Karl Seglem og Eirik Sognnes frå Årdal og Lærdal er nominert til årets Luttpris. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NOMINERT: Ketil Thorbjørnsen (biletet), Karl Seglem og Eirik Sognnes frå Årdal og Lærdal er nominert til årets Luttpris. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Thorbjørnsen nominert til Luttprisen

Ketil Thorbjørnsen sitt debutalbum resulterte i ein nominasjon til Luttprisen.

Årdal/Lærdal: NRK Sogn og Fjordane har avslørt kva 20 artistar frå Sogn og Fjordane som er nominert til Luttprisen. Blant desse finn ein fleire frå Årdal og Lærdal.

Det er publikum og ein fagjury som har plukka ut dei 20 nominerte, der éin blir kåra til årets artist i Sogn og Fjordane.

Les også: Då Verdsmannen tok ordet

Ein av desse er altså Ketil Thorbjørnsen som i år gav ut albumet «Verdsmannen», som har fått gode tilbakemeldingar. Her syng Thorbjørnsen, som opprinneleg kjem frå Høyanger, på dialekt, og han har fått framført songane sine på blant anna Målrock.

Ein som også er albumaktuell er Karl Seglem. Årdølen feirer i år 30 år som artist og har gitt ut tre album under tittelen «JazzBukkBox». Utgjevinga fekk blant anna terningskast seks i Aftenposten.

Les også: «Nasjonalskatten» Seglem feirer 30 år som artist

Frå Lærdal er Eirik Sognnes nominert. Han gav i sommar ut videoen «Lun sommarvind», som vart mykje spelt på radioen i NRK Sogn og Fjordane. 

Vinnaren vert kåra 18. november i Høyanger, men allereie no kan du røyste på din favoritt. Det gjer du på NRK sine sider.

Til toppen