SKIFTAR KLUBB: Elise Thorsnes (31) har signert for gamleklubben Avaldsnes.
SKIFTAR KLUBB: Elise Thorsnes (31) har signert for gamleklubben Avaldsnes. (Foto: Arkiv)

Thorsnes har signert for ny klubb

Fotballtalentet frå Leikanger har signert for Avaldsnes.

Karmøy: Elise Thorsnes (31) speler for tida for Canberra United Australia har signert for Avaldsnes. Det melder klubben på sine heimesider. 

Thorsnes har tidlegare spelt for Avaldsnes, og var aktiv frå 2015 til 2017. Ho startar for klubben etter sesongen avsluttar i Australia i år. 

Sportssjef Lena Tyriberget er godt med signeringa. 

– Det har vore eit ønskje over tid å få ho tilbake. Ho er ein profil i norsk kvinnefotball, har internasjonal rutine og veit kva som krevast både på og utanfor bana. Og ikkje minst kjenner ho Avaldsnes frå før, sa Tyriberget. 

Til toppen