JUBILEUM: I førre veke avslutta Årdal Gålag den tiande sesongen. – Me hadde aldri trudd det skulle bli ein så stor suksess. Foto: Magnar Fredheim. 
JUBILEUM: I førre veke avslutta Årdal Gålag den tiande sesongen. – Me hadde aldri trudd det skulle bli ein så stor suksess. Foto: Magnar Fredheim. 

Ti år med gåturar vart feira

Årdal Gålag har besøkt 120 turmål i løpet av dei ti åra dei har eksistert. – Hadde aldri trudd det skulle bli ein slik suksess.

Årdal: I førre veke avslutta Gålaget årets sesong, den tiande i rekka, med ein flott festkveld på Eikum hotell på Hafslo. 

– Alle deltek med godt humør og lagar god stemning. Odd Hagen og Åberge underheldt og spelte opp til dans for eit fullpakka dansegolv, fortel leiar i gålaget, Gunvor Nordås. 

I år var også kommunalsjef i Årdal kommune, Rigmor Svanberg, tilstades. 

– Ho heldt eit flott innlegg om helsegevinsten ved å gå og koma seg ut i det flotte turterrenget me har i bygda. Gålaget fekk ei flott pengegåve frå kommunen, og Rigmor var imponert over oss og for tiltaket vårt gjennom ti år.

Ein suksess

Det er ingen tvil om at det har blitt ein del turar i løpet av ti år. Berre i år har gålaget gjennomført 27 turar med eit samla tal på 1060 deltakarar. Det samla talet etter ti tursesongen er 7873 deltakarar.

– Me har gjennomført 241 turar med over 120 ulike turmål. Då me starta Årdal Gålag, trudde me aldri at det skulle bli ein slik suksess, held Nordås fram. 

– Me har vandra historiske ferdselsvegar, besøkt gamle stølar og fråflytta høgdegardar, for ikkje å snakka om alle fjelltoppar og utsiktsplassar me har vore på her i bygda og o mabobygdene. Til dags dato har me aldri avslyst ein tur, men me har måtta endra turar på grunn av vêr- og føreforhold.

Har med seg lokale kjentmenn

Turen som har hatt flest deltakarar til no var vårturen til Ljøsnaveiti i fjor. Der fekk dei 72 turgåarane omvisning på Kapteinsgarden på Ljøsne.

I år var det flest deltakarar på turen frå rallaren til Øygarden i Årdal med 63 deltakarar. 

– Me har hatt me utflytte årdøler på fleire av turane våre i tillegg til nokre barnebarn som vil vera med. Me har òg hatt flotte overnattingsturar med stor deltaking. I år besøkte me Høvringen for fjerde gong, fortel ho.

– På turane har me med ein lokal kjentmann som kan fortelja om plassane me besøker. Her får me kjennskap og historie som alle set pris på. I tillegg til turar besøker me Åbo vår og haudt og viser film frå turane. Dette set dei verkeleg stor pris på.

Festkveld i januar

Turprogrammet for neste år er allereie klart, seier ho og opplyser om at dei er å finne i sportsbutikkane i bygda og på heimesida til Årdal Turlag. 

– I samband med tiårsfeiringa har me fått laga eit festskriv som skal presenterast i januar. Her vil gålaget invitere heile bygda for å sjå og høyra om desse ti tursesongane. 

Til toppen