TI BILAR: Til slutt vart det ti bilar under «Fransk biltreff» i Utladalen. Privat foto
TI BILAR: Til slutt vart det ti bilar under «Fransk biltreff» i Utladalen. Privat foto

Ti bilar på «fransk biltreff» i Utladalen: – For meg er dette kjempebra

Den gryande ideen som kom to år tilbake blei realitet i helga; med 0 kroner i budsjett fekk Michael Zerbst arrangert «Fransk biltreff» på Utladalen camping.

Årdal: – Det starta eigentleg heilt tilbake til vinteren 2014-15, då ein bekjent og eg prøvde å få til eit merketreff for merka Simca og Talbot i Hønefoss. Valet Hønefoss blei til fordi eg kjem frå Årdal og han frå Grimstad. Men grunna for lite interesse blei det ikkje noe av det i 2015, fortel Zerbst.

Med ny giv kom same planane på bordet att i fjor, men også då var det så lite respons at treffet vart avlyst.

– Men ønskjet mitt om å få til noko var framleis sterkt, så eg bestemte meg for å prøva meg åleine her i Årdal; då kosta det ikkje så veldig mykje om det skulle bli ein fiasko, fortel Zerbst.

Artikkelen held fram under biletet

IDYLLISK: Sju av dei franske bilane samla i idylliske omgjevnader i Utladalen. Privat foto
IDYLLISK: Sju av dei franske bilane samla i idylliske omgjevnader i Utladalen. Privat foto

Bestemte seg tidleg i vinter for å køyra arrangementet

Som sagt så gjort; å kalle det "Fransk bildag" var uaktuelt ettersom dette er eit fast arrangement som blir arrangert kvart år på Austlandet/Sørlandet i regi av dei store merkeklubbane som Peugeotklubben, Citröenklubben og 2CV-klubben.

– Då fall valet på "Fransk biltreff", noko eg tykkjer gir eit klar budskap og kan brukast opp att år etter år. 

Zerbst fekk så avtale med Kristoffer Nystedt på Utladalen Camping om å arrangera treffet der. 

PÅ FJORD TIL FJELL: Dei franske bilane samla på kaien på Tangen. Privat foto
PÅ FJORD TIL FJELL: Dei franske bilane samla på kaien på Tangen. Privat foto

– Han var interessert frå første sekund. I utgangspunktet hadde eg ikkje plan om å ha det same helg som Fjord til fjell, men arrangøren anbefalte at me skulle ta same helg og at me kom ned på Årdalstangen – på dette tidspunktet såg det ut til at det vart organisert biltreff under Fjord til fjell. 

Når det gjaldt marknadsføring hadde ikkje Zerbst mykje å spela på:

– Budsjett for dette var null kroner heile vegen, så det blei berre Facebook og andre gratis plattformar på nettet, pluss munnpropaganda som kunne bera bodskapen ut i det lange land. Interessa på Facebook var stor nok til at eg bestemte meg tidlig i vinter at dette dreg eg opp uansett om det berre blir to-tre bilar. 

Bekymra for å bli åleine

Det blei bestilt inn premiar, ein til kvar franske bilmerke (Simca, Citröen, Renault, Talbot og Peugeot), som vart sponsa av Årdal Bilservice AS.

– Så kom den nervepirrande tida før treffet, eg viste jo ikkje om det kom til å koma nokon i det heile. Men nokre faste påmeldingar vart det, noko som gjorde meg veldig glad. 

Med ymse vêrmeldingar dagar før treffet gjorde at mesteparten melde frafall og Zerbst vart bekymra for at han kom til å stå åleine med sine bilar. 

– Så kom fredagen og eg byrja å samla mine bilar på Utladalen camping. Litt seinare på kvelden kom første gjesten. Då var eg ikkje åleine lenger. På laurdag opna me treffet klokka 10 og akkurat då kom det ein til. Så, i løpet av den neste halvannan timen kom det ytterlegare tre.

Dermed vart det fem tilreisande; ein frå Florø, ein frå Voss, ein frå Ås og to frå Lærdal. Med Zerbst sine eigne bilar var til saman ti franske doningar samla i Utladalen. 

Premiar for beste Citröen vart ein Citröen DS23 Pallas frå Lærdal, beste Peugeot vart 205 GTI frå Voss og beste Renault ein Renault 15 frå Ås. 

Artikkelen held fram under biletet

PREMIAR: Slik såg premiane som vart tildelt dei beste bilane av ulike merkjer ut. Privat foto
PREMIAR: Slik såg premiane som vart tildelt dei beste bilane av ulike merkjer ut. Privat foto

– Siden eg sjølv var åleine med bilar av merka Talbot og Simca blei det ikkje delt ut premiar til disse, fortel Zerbst.

Har allereie starta planlegging av nytt treff neste år

Sju bilar reiste på cruising gjennom sentrum i Øvre og så ned på Årdalstangen og inn på Fjord til fjell sin biltreff. 

– Me hadde ei veldig koseleg helg med hyggelege folk og masse god prat.

Zerbst er allereie i gang med planlegging av neste års "Fransk biltreff":

– Eg håpar at Fjord til fjell-dagane også blir gjennomført i 2018, slik at me kan bli gjester der att, seier han, og held fram:

– For nokre kan det verka veldig lite med berre fem gjester, men for meg er dette kjempebra, spesielt med tanke på kor spreidd frå landet gjestene har funne vegen. Kristoffer (Nystedt, journ.anm.) er også overtydd om at dette blir større neste gong, og det var gjestene også. Alle som var med i år vil koma att neste år og dei har planar om å spreia bodskapen og få med seg fleire.
 

Til toppen