Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto (Foto: arkiv)

Ti fekk bot for høg fart

Fleire kontrollar tysdag kveld.

Sogndal: UP heldt tysdag kveld tre kontrollar i Sogndal, på Hafslo og Hermannsverk. I Sogndal vart resultatet eitt forenkla førelegg til ein førar for å køyrt i 94 km/t i ei 80-sone. På Hafslo vart det også eitt forenkla førelegg til ein førar som køyrde i 82 km/t i ei 70-sone.

På Hermansverk var det fleire fartssyndarar; åtte forenkla førelegg fotr høg fart i ei 60-sone, der gøgaste målte fart var 76 km/t. Ein fekk også gebyr for manglande bilbeltebruk i denne kontrollen.

Til toppen