Ti med tilbod på E16

Heile ti firma leverte tilbod på E16 Øye-Eidsbru, og prisforskjellane er store.

Filefjell: Onsdag har Statens vegvesen hatt tilbodopning på vegstrekninga Øye-Eidsbru på E16 Filefjell. 

Det er kome inn ti tilbod og skilnaden mellom billigaste og dyraste var nær ei dobling, skriv Vegvesenet i ei pressemelding. 

Pristilboda strekker seg frå 339,5 millionar kroner til 640,8 millionar. Statens vegvesen vil no kontrollrekna tilboda, og det er venta kontraktsignering i mai.

– Med ti tilbydarar er det god konkurranse om å få bygge vegstrekninga. Prisdifferansen på 301 millionar frå billegaste til dyraste er stor, og no startar me med ein nøye gjennomgang av dei innkomne tilboda, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen på E16 Filefjell. 

Strekninga Øye-Eidsbru tek av frå eksisterande veg ca 1,5 km aust for Øye kyrkje, går opp og bak busetnaden i Øye og inn i ein to km lang tunnel litt aust for elva Rødøla. Den nye vegen kjem inn att på eksisterande E16 ved Strøndafjorden like nord for Eidsbru, der vegen knyter seg til den ferdig E16-strekninga Eidsbru-Varpe.

Arbeidsstart på Øye-Eidsbru er venta til sommaren i år, og strekninga skal stå klar til bruk hausten 2018. 

Til toppen