Leikanger: – Når me skulle styrka Difi var det naturleg å sjå korleis me kan styrkja avdelinga på Leikanger. Avgjerda som er teke er at Difi på Leikanger blir styrkja med ti stillingar, sa statssekretær Kristin Holm Jensen (H) då ho saman med andre politikarar frå regjerings- og støtteparti presenterte nyhenda på Leikanger i dag.
Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) si avdeling på Leikanger blir først og fremst styrkja på tre felt: innanfor universell utforming av IKT, arbeidet med dei tredve portalane Difi forvaltar og å styrka miljøa ein alt har; ID-porten og den digitale postkassa, til dømes.
– Slitsamt for dei andre partia å sjå at me får til utflytting av arbeidsplassar
– Dette gjer me for å byggja vidare på sterke fagmiljøet de har her på Leikanger og den drivkrafta de er for å fornya, forenkla og betra offentleg sektor i Noreg og driva digitaliseringa vidare fram, sa Jensen vidare.
Sveining Rotevatn (V) var nøgd med å sleppa nyhenda i eige fylke:
– Me ser at her er det eit sterkt bu- og arbeidsmarknadsområde som er eit godt vertsområde for statlege kompetansearbeidsplassar, sa han.
Bjørn Lødemel (H) nytta også høvet til å koma med eit politisk stikk:
– Det er eit nytt regime for utflytting av arbeidsplassar. Me gjer ikkje berre nokre få ting, og så skal det stoppa opp. Det er nok slitsamt for ein del andre parti å sjå at me regjerings- og støtteparti får til dette.
– Ein stor dag
Torgeir Strypet, avdelingsdirektør IT drift og utvikling (IDU), var sjølvsagt svært nøgd med bodskapen frå politikarane:
– Dette er ein stor dag, ti nye arbeidsplassar betyr utruleg mykje. Og det gir ei annerkjenning av arbeidet me gjer. Difi står ikkje heilt på eigne bein; me har eit veldig godt kompetansemiljø innover til Sogndal på Campus og ut til Vik på Highsoft. Me er eit miljø med offentlege og private arbeidsplassar som samlast og opptrer saman ved mange høve. Så det er ei anerkjenning til heile dette miljøet.
Difi-avdelinga på Leikanger har i dag 110 tilsette, og får no altså ti til.