Årdal: – Det var ein slik fin morgon. Men so såg eg alt boset. Det såg ikkje ut rett ved TYA. Der låg det mykje knuste glas og flasker utanfor og heilt bort til vegen der benkene står, seier Terje Sylvarnes.

Då han kom heimover frå nattskift, vart han fyrst glad då han såg at sollyset hadde nådd fjelltoppane i Øvre Årdal att sjølv so tidleg på morgonen. Han ville dokumentera ei fin naturoppleving i sentrum av heimbygda med kamera.

Men so fekk han altso augo på det ufine synet.
– Det såg skikkeleg ille ut. Det var heilt fælt å sjå til frå inngangspartiet til TYA og bort til vegen der benkene står.
Dette er gangvegen som folk nyttar seg av på Torget i Øvre Årdal. Han tykte det var eit so ille syn at han ikkje ein gong ville ta bilete av det.
Han nøgde seg med å ta bilete av at folk har kasta ølboksar attmed bosspannet.
Rotet skjedde etter at baren hadde stengt
Sylvarnes meiner dei som driv uteplassen burde ordna dette på morgonkvisten før dei fór heim. Han skulle tru det var gjort på mellom ti minutt og ein halvtime.
– Me ryddar sjølvsagt alltid uteområdet etter stenging, det gjorde me også i går. Glasbrot som er kome etter me har gått heim er det vanskeleg for oss å gjera noko med, fortel dagleg leiar på TYA, Marita Opheim.
Ho påpeikar at dei ikkje sel øl på boks i det heile, so dei som har slengt desse ifrå seg har fått fatt i dei ein annan stad.
– Og det er ikkje lov til å ta med glas ut frå TYA etter midnatt, legg ho til.

I ei melding søndag kveld fortel ho at dei har rydda heile området, sjølv om rotet skjedde etter at dei stengde for kvelden og baren ikkje på noko vis kan lastast for glasbrota som låg på asfalten.
– Ville ikkje ha lufta bikkja mi der
Terje Sylvarnes seier han ikkje ville hatt hund i band i nærleiken av alle glasbrota.
– Der hadde eg ikkje lufta bikkja mi for å seia det slik. Her kan det koma umerksame hundar som plutseleg er på sprang oppi glasbitane. Eigaren kan ha hundane i lange band, og då er det fort gjort at dei skjer seg. Det er trist, seier Sylvarnes.
Glasbrot også utanfor «Kjedlarn»
Også utfor «Kjedlarn» var det både rot og glasbrot tidleg på kvelden sundag.

I «Kjedlarn» er det ikkje lov til å drikka alkohol. Porten.no har fått opplyst at det har vore rykte om at ein russefest kan ha skulda, men russefesten var fredag og ikkje laurdag.
Dessutan var ikkje denne festen i «Kjedlarn» men i ungdomshuset. Det finst ingen slik stol som ligg på fortauet her i ungdomshuset, har Porten.no fått opplyst.
Porten.no veit heller ikkje om det er nokon som har festa på «Kjedlarn» som er ansvarlege for rotet, eller om det har kome andre til og rota med plastposar, knekt stol og knuste flasker. Ein stor, tung jarnbenk like attmed var også kvelva.
Framleis 17.30 om kvelden sundag var det ikkje ordna opp i. 18.00 var det derimot rydda opp utfor «Kjedlarn».
