I SPORTENS HEIMLAND: For Tiago Mendes har det alltid vore draumen å komma til landet der kampsporten Muay Thai oppstod. Denne gongen skal han gå to kampar mot tøff lokal motstand.
I SPORTENS HEIMLAND: For Tiago Mendes har det alltid vore draumen å komma til landet der kampsporten Muay Thai oppstod. Denne gongen skal han gå to kampar mot tøff lokal motstand.

Tiago Mendes slo knockout på første motstandar i Thailand

No ventar ny tøff utfordrar i neste veke for sogndølen. 

Thailand/Sogndal: Kampen gjekk i går og var over på eit blunk. Allereie i andre runde fekk Mendes inn ein kombinasjon som gav fleire treff i haka på motstandaren. Då var det over og ut.

– Det var ein veldig bra start her i Thailand, seier Mendes, som ventar ein ny tøff utfordrar i neste veke.

– Dei hardaste i verda

Trass den kjappe sigeren, skryter Mendes av den tøffe motstandaren. Sjølv var han redusert av ein skade i høgrefoten, noko som gjorde han redd for å sparka. Det gjorde igjen at han måtte stola på boksinga. Utan at det fekk store konsekvensar.

– Det gjekk bra, eg traff han fleire gongar, seier Mendes.

Den store forskjellen frå Europa, fortel han, er at i Thailand veit han ingenting om motstandarane før kampen. Det er rett og slett for mange som driv på med sporten, til at han greier å halda oversikt.

– Men alle veit at thaifightarane er dei hardaste i verda. Det er her sporten kjem frå. Eg forventar ein ny tøff kamp neste veke, seier Mendes.

Ønskjer å ta nye steg

Å få reisa på jamnlege turar til Thailand var ein draum då han starta med Muay Thai for elleve år sidan. Her oppdagar han stadig nye teknikkar og lærer å forstå kampsporten på nye måtar.

Den tøffe matchinga kjem som ein god bonus på toppen.

– Det er difor eg trenar hardare kvar dag. Eg har konkurranseinstinkt og ønskjer å utfordra meg sjølv kvar gang. Eg vil alltid slåss med dei som er best på mitt nivå. Det er slik eg tek nye steg. Eg har fått masse erfaringar eg skal ta med meg til Sogndal, seier Mendes.

Til toppen