SIGRA I MADEIRA: Tiago Mendes sende motstandaren i kanvasen i andre runde, og vann til slutt på poeng. Video: Hey Productions.
Video

Tiago Mendes vann i heimbyen – drøymer om å gå kamp i Sogndal

Men først må knockout-regelen fjernast.

Madeira: Fredag vann Tiago Mendes frå Sogndal hovudkampen i Madeira Fighting Championship. Motstandaren var Vitor Miranda, eit halvt hovud høgare, to vektklassar over og frå ein kjend klubb i Lisboa.

Det betydde ingenting.

– Det gjer meg stolt at eg kan vinna, sjølv om motstandaren er i ein annan vektklasse. Men det er berre eitt steg vidare i mi karriere, det kjem fleire og viktigare kampar, seier Mendes.

Stor oppleving med familia på tribuna

Han reknar med det er 9-10 år sidan han gjekk kamp i heimbyen Madeira. Venner og familie hadde møtt opp for å følgja kampen. Difor betydde det ekstra mykje å kunna gje dei ein siger.

– Fy søren, det er vanskeleg å forklare. Det var mange gode kjensler. At dei kjem bort etter kampen, gir meg klemmar og gratulerer. Det var ei veldig bra oppleving, seier Mendes.

Portugisaren har etablert seg i Sogndal, gifta seg og opna eige treningsstudio i bygda. Men i Norge er det berre lov med knockout i boksing. Difor må Mendes reisa langt for å konkurrera.

– Det blir litt vanskeleg å gå kamp her i Norge når eg ikkje får bruka alle våpena mine, seier han.

Drøymer om proffkamp i Sogndal

Som store delar av miljøet, ventar han på at det ein dag skal bli lov med knockout i Muay Thai, kickboksing  og MMA òg.

Fram til då er det best for meg å konkurrere utanfor Norge, seier Mendes, som har tru på at det kan skje ei regelendring i år eller til neste år.

– Viss det skjer, kva er sjansane for at me får sjå ein kamp i Sogndal?

– Det har eg faktisk tenkt på. Ein dag skal eg vera hovudkampen i Sogndal. Eg håpar i så fall at eg får same kjensla som i Madeira, at alle kjem for å støtta meg, seier Mendes.

Til toppen