IDYLLISK: Arrangørane har tru på blå himmel og idylliske tilhøve under årets Vionjerock, som det har vore mange tidlegare år. Foto: Arlene Bax/Vinjerock
IDYLLISK: Arrangørane har tru på blå himmel og idylliske tilhøve under årets Vionjerock, som det har vore mange tidlegare år. Foto: Arlene Bax/Vinjerock

Tiårsjubileum for Vinjerock

Torsdag startar festivalen i fjellheimen som sel ut 3100 billettar på nokre sekundar kvart år.

Eidsbugarden: – Me ligg fantastisk godt an. I går regna det, men i dag skin sola og då går opprigginga som ein leik. Me har to hundre frivillige som jobbar som heltar her. Me trur det kan bli tidenes Vinjerock. Det er i alle fall ambisjonen, seier festivalsjef Julie Forcchammer.

Har du skaffa deg billett til årets Vinjerock er du heldig. Det faste talet på 3100 billettar vart rive vekk på ti sekundar då dei kom ut for sal i desember. 

Artikkelen held fram under biletet

3100: Det blir alltid seld 3100 billettar til Vinjerock, verken meir eller mindre. God stemning frå ei tidlegare utgåve av festivalen.
3100: Det blir alltid seld 3100 billettar til Vinjerock, verken meir eller mindre. God stemning frå ei tidlegare utgåve av festivalen.

– Det blir ikkje aktuelt å utvida, 3100 passar fint. Me må ta vare på naturen her. Og parkeringsplassen ligg 23 kilometer frå Eidsbugarden, så det har også med logistikken å gjera. Ja, parkeringa ligg vel nesten nærare Årdal enn festivalen, ler Forcchammer.

Kake til 2000

Braksuksessen av ein festival til fjells såg dagens lys i 2006. Dermed er det tiårsjubileum i år, noko som sjølvsagt må markerast ettertrykkjeleg.

– Me feirer ekstra i år, blant anna med ei kjempestor kake som blir servert til eit par tusen menneske på laurdag.  Etterpå spelar Staut, som er dei lokale heltane her. Det blir veldig gøy, seier Forcchammer. 

Artikkelen held fram under biletet

JUBILEUM: Dei lokale heltane Staut spelar opp laurdag når festivalen markerer tiårsjubileumet sitt. Pressefoto
JUBILEUM: Dei lokale heltane Staut spelar opp laurdag når festivalen markerer tiårsjubileumet sitt. Pressefoto

– Kor godt nøgde er de med bandlista for denne utgåva av Vinjerock?

– Me er enormt nøgde med artistane i år. Dei beste norske banda er samla her oppe. Og det er nesten 40 prosent kvinner blant musikarane.  Dessutan består publikum av 60 prosent kvinner. Det er eit mål for oss at kjønnsfordelinga både blant publikum og artistane speglar att samfunnet elles. På andre festivalar er det jo veldig mykje menn.

Av dei mest kjende artistane kan nemnast Bjørn Eidsvåg, Aurora, Kvelertak, Lars Vaular, Stein Torleif Bjella, Razika og Kakkmaddafakka.

– Vinjerock så lenge fjella står

Men det er ikkje berre musikken som gjer Vinjerock så populært. I tillegg til dei 25 konsertane er det 75 andre aktivitetar under festivalen. Guida tur til Falketind, blomesafari med ein av Noregs beste botanikarar og skrivekurs vitnar om eit særs breitt tilfang av ting å ta seg til med. 

Artikkelen held fram under biletet

TURAR: Vinjerockarar frå eit tidlegare år på fjelltur med Falketind i bakgrunnen - som det blir arrangert guida tur til i år.
TURAR: Vinjerockarar frå eit tidlegare år på fjelltur med Falketind i bakgrunnen - som det blir arrangert guida tur til i år.

– Me har enno fleire gode aktivitetar i år. Det er noko for ein kvar smak; om ein er veldig fjellvand eller meir i kategorien nysgjerrig på fjellivet, men ikkje heilt klar til å gå over isbrear. 

– Er de bekymra for vêret?

– Nei, vêrmeldingane ser bra ut. Og når ein legg eit arrangement til 1060 meter over havet må ein vera glad så lenge det ikkje snør og bles kuling.

– Vinjerock vil vel vara i ti år til, minst?

– Hundre år. Eller så lenge fjella står her, ler Forcchammer

Ho fortel også at alle som ikkje har fått billettar kan sjå konsertane via streaming på vinjerock.no

Til toppen