INDUSTRI: Vestland Arbeidarparti ønskjer å gje industrien ein større plass i norsk økonomi og næringsliv.
INDUSTRI: Vestland Arbeidarparti ønskjer å gje industrien ein større plass i norsk økonomi og næringsliv. (Foto: Norsk Hydro ASA/arkivfoto)

MEININGAR

Tid for ny industrivekst

– Sysselsettinga i industrien har falle både målt i talte sysselsette, og som ein del av den totale sysselsettinga i heile perioden 2000-2018. Denne utviklinga må vi snu, då vi veit at aktiviteten innan olje og gass vil gå ned dei neste tiåra, skriv Vestland Ap.

Meiningar: Når Korona-pandemien er nedkjempa, skal vi ta fatt på ein ny tidsalder i norsk arbeids- og næringsliv. Hjula skal i gang igjen. Industriomnane skal produsera meir enn før. Utsleppa skal reduserast. Norsk ungdom skal atter ein gang ta landet inn i ei ny tid. 

Vestland Arbeiderparti vil gje industrien vår ein større plass i norsk økonomi og arbeidsliv. Under Høgreregjeringa har vi sett at verdiskapinga og sysselsettinga i industrien fell. Noreg treng meir industri – og ein ny industripolitikk.  

I EU kom 17 prosent av verdiskapinga frå industrien i 2017. Sverige er på same nivå som EU, medan Noreg låg på 7 prosent i 2018. Sysselsettinga i industrien har falle både målt i talte sysselsette, og som ein del av den totale sysselsettinga i heile perioden 2000-2018. Denne utviklinga må vi snu, då vi veit at aktiviteten innan olje og gass vil gå ned dei neste tiåra.

Store framtidsmoglegheiter

Her på Vestlandet har vi mange fortrinn som gjer vekst i industrien mogeleg, med rik tilgang på naturressursar, høg kompetanse og konkurransefortrinna som ligg i den norske modellen.

Det trengs ein aktiv næringspolitikk, med vidareført CO2-kompensasjon, eit nasjonalt løft for fagopplæringa, og rammevilkår som gjer det lønsamt å investere i grøn industri på Vestlandet.

Vestland Ap

Det siste først - trepartsamarbeidet i den norske modellen blir stadig viktigare for norsk industri. Dei bedriftene som lukkast med omstilling har høg medverknad og høg organisasjonsgrad. Det er slik vi kan skape fleire jobbar i heile landet og sørge for ei rettvis omstilling.  

Norsk industri står i dag i det teknologiske og grøne skiftet med store framtidsmogelegheiter. Bedriftene omstiller seg til miljøvenleg produksjon. Dette er eit fortrinn som gjer at landet vårt kan bli leiande i verda på grøn teknologisk produksjon og omstilling. 

Bør vere i førarsetet innan hydrogen

Noreg har plass i Nordsjøen til å lagre CO2 i mange tiår framover. Satsing på karbonfangst og –lagring (CCS) vil trygge mange eksisterande arbeidsplassar i olje- og gassnæringa, og det vil skape mange nye arbeidsplassar fram mot 2050. Med ei auka satsing på CCS vil ein kunne nå måla i Paris-avtalen, sørge for industriutvikling, og få til ei meir rettvis omstilling. 

Vestland Ap vil at Noreg set seg i førarsetet innan hydrogen. Industriell framstilling av hydrogen er ikkje noko nytt i Noreg - det har norske selskap gjort i snart hundre år.  Hydrogen kan kutte utslepp i både transport, kraft- og industriproduksjon. Hydrogen kan blandast i gass, hydrogen kan brukast i skipsfart og på vegane og hydrogen kan brukast i norsk industri til å erstatte fossil energi.     

Vil ha storsatsing på havvind

Verdien av rein, fornybar og utsleppsfri kraft vil vere eit stort konkurransefortrinn for norsk industri i åra som kjem. Arbeiderpartiet har i Stortinget sikra at vi ikkje skal bygge fleire utanlandskablar for straumeksport før konsekvensane er analysert for folk og industri, noko som har satt ein endelig stoppar for North Connect-kabelen til Skottland.

Vi vil heller ha ei storsatsing på havvind, som kan gi arbeid til norsk leverandørindustri og fornybar kraft mellom anna til elektrifisering av norsk sokkel. På land vil vi sørgje for at skattesystemet oppmodar kraftselskapa til å utbetra og auka kapasiteten i dei eksisterande vasskraftverka. 

Vestland Arbeidarparti vil at me på andre sida av Korona-pandemien kjem ut med ein industripolitikk for ny vekst, meir produksjon, mindre utslepp, og store framtidsmoglegheiter for norsk ungdom som skal velje utdanning og yrke. 

Da trengs ein aktiv næringspolitikk, med vidareført CO2-kompensasjon, eit nasjonalt løft for fagopplæringa, og rammevilkår som gjer det lønsamt å investere i grøn industri på Vestlandet. Arbeiderpartiet er klare. Industrien er klare. Er regjeringa klar?

Til toppen