JUBILEUM: I 70 år har Årdal Jeger- og fiskerforening forvalta naturen i Årdal. Det er ikkje alltid dei blir lytta til, men leiar Vidar Moen har nok av døme som viser at dei har ei viktig rolle å spele i lokalsamfunnet. (Foto: Arkivfoto)

– Tida der me levde av røyken er forbi. No må me ta vare på naturen

I 70 år har Årdal Jeger- og fiskerforening forvalta naturen i Årdal. Det er ikkje alltid dei blir lytta til, men leiar Vidar Moen har nok av døme som viser at dei har ei viktig rolle å spele i lokalsamfunnet.

Årdal: Vidar Moen har nettopp heva årsmøtet til lokallaget. I år er eit spesielt år sidan det er 70 år sidan ein avtale kom på plass med grunneigarar i Årdal for korleis ein skal forvalte naturen.

I 70 år har Årdal Jeger- og fiskerforening (ÅJFF) spelt ei viktig rolle for å skape balanse i naturen. Når ein no er komen til 2017, er det ikkje heilt balanse. Tilstanden kunne vore betre. Oppbygginga av samfunnet har sett sitt preg.

– Me ser med uro på situasjonen med villrein med tanke på CWD, redusert jakt i Vest-Jotunheimen, innskrening av rupejakta og at gytefisktalet i vassdraget vårt går drastisk ned samanlikna med nabokommunane. Dess dårlegare tilhøva for vilt og fisk er, dess verre blir det for oss å ha gode tilbod til medlemmane våre, seier han.

Må lære av indianarane

I årsmeldinga let han seg inspirere av indianarane og korleis dei forvalta naturen for å sikre mat til neste vinter. I historia vert det vist til «lova». Lova seier at ein skal ta ut dei svakaste og late dei sterke få leve fordi desse vil produsere sterke ungar. Men ikkje alle kan lova. Reven er eit døme på det. Han tek alle egga til vaktelen utan å blunke. 

Artikkelen held fram under biletet.

KURS: Det er vanleg at foreninga arrangerer kurs både innanfor jakt og fiske kvart år. Då kjem det ekspertar for å demonstrere utstyr eller teknikk som medlemmane kan lære av.
KURS: Det er vanleg at foreninga arrangerer kurs både innanfor jakt og fiske kvart år. Då kjem det ekspertar for å demonstrere utstyr eller teknikk som medlemmane kan lære av.

I mange samanhengar kan mennesket samanliknast med reven. Med bakgrunn i uroen Moen innleia med, er det grunn til å gjere grep. Og det er her rolla til ÅJFF kjem inn i biletet.

– Me har til dømes jobba mykje med Hydro i samband med utbyggingane som er gjort i vassdraga. Årdøla er ikkje lenger slik ho ein gong var på vinteren. Der er me klare på at utbygging har gått ut over oppvekstområda til fisken. Samstundes har desse utbyggingane hatt så stor samfunnsmessig verdi at me når ikkje alltid fram, men det som er viktig for oss er at dei riktige avbøtande tiltaka vert gjort, seier han.

Kampen dei kjempar for elva som renn forbi verket i Øvre Årdal er kanskje det beste dømet. Seinast i juni i fjor var lokallaget i møte med forskar, Hydro og Hydro Energi. Resultatet av den rapporten seier det motsette – at utbygging ikkje har hatt særleg effekt.

Vanskeleg kamp

Moen innrømmer at det ikkje alltid har vore like lett å jobba med forvalting av natur i ein industrikommune, der industrien har spelt og spelar framleis ei heilt vital rolle for samfunnet i form av arbeidsplassar og inntekter til kommunen. Årdal hadde aldri vore det dei er i dag utan denne satsinga. 

– Det er ikkje tvil om at me kanskje er ekstra viktige fordi me held til nettopp i ein industrikommune. Det har vore slik at det er røyken me lever av, men den tida er forbi. No må me ta vare på naturen, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

SAMHOLD: Det er eit eige samhold for folk som driv med fiske eller jakt. Og det er vel heller obligatorisk med eit par skrøner. Her frå gapahuken ved Hæreidselva i samband med fiskestarten sommaren 2015.
SAMHOLD: Det er eit eige samhold for folk som driv med fiske eller jakt. Og det er vel heller obligatorisk med eit par skrøner. Her frå gapahuken ved Hæreidselva i samband med fiskestarten sommaren 2015.

– Det er ikkje alltid like lett å få med seg lokalsamfunnet på miljøretta tiltak fordi industrien står så sterkt at den vinn sympati føre miljøet. Slik har det vore i 70 år, men me sat i eit hjørne og bjeffa den gongen også, smiler han.

At tida med røyk er forbi, har nok alle oppfatta. Klima og miljø er eit av dei viktigaste tema som verdas leiarar diskuterer, og lokalt er dette noko Hydro sjølve tek på høgste alvor, jobbar bevisst med og ser resultat av. Det synte fabrikksjefen prov på nyleg under nabomøtet dei inviterte bygda med på.

Tilflyttarar såg potensiale

Det er mange som vert overraska når dei besøker Årdal for første gong i dag. Forventningar om røyk og piper blir fort viska vekk av storslått natur. Den gongen, på slutten av 40-talet då lokallaget vart skipa, var det også tilflyttarar som såg potensiale i Årdal. 

– Men dei eigde ingenting, så då måtte det ein avtale med grunneigarar på plass. Gjennom å stifte ei forening, kunne dei få tilgang. Etter kvart tok årdøler over og hadde veldig fokus på klekkeri. Dei første åra kjøpte ÅJFF 30 000 yngel og sette ut i fjellvatna – først i uregulerte vatn fordi dei var usikre på korleis dei ville overleva i regulerte vatn. Det var Kyrkjevatnet og Buvatnet som fekk fisk først. 

Artikkelen held fram under biletet.

STORSLÅTT NATUR: Det er få ting som kan matche ein vindstille kveld i 17 varmegrader ved eit fjellvatn. Det oppdaga tilflyttarar til Årdal ganske raskt på 40-talet.
STORSLÅTT NATUR: Det er få ting som kan matche ein vindstille kveld i 17 varmegrader ved eit fjellvatn. Det oppdaga tilflyttarar til Årdal ganske raskt på 40-talet.

Størst i Sogn og Fjordane

I dag er lokallaget i Årdal det største i Sogn og Fjordane med sine 480 medlemmar. Ingen har meir tilbod til sine medlemmar enn her med store tilgjengeleg arael til småviltjakt, 80-90 prosent av elvestrekninga tilgjengeleg til laks- og sjøaurefiske og tilgang på dei fleste fjellvatna. På toppen av dette driftar dei fleire hytter i desse områda.

– Me sleit litt med å få folk til å bruke hyttene fram til 2008. Då gjorde me grep og bygde om med støtte frå Årdal kommune. No har me fått frå 90 til 444 overnattingsdøgn i 2016. Det er veldig stor etterspurnad, fortel Moen.

Artikkelen held fram under biletet.

HYTTEUTLEIGE: For ein ganske rimeleg sum kan ein leige ei av fleire hytter som ÅJFF disponerer i fjellheimen. Hyttene er det foreninga sjølv som set saman.
HYTTEUTLEIGE: For ein ganske rimeleg sum kan ein leige ei av fleire hytter som ÅJFF disponerer i fjellheimen. Hyttene er det foreninga sjølv som set saman.

– Slik er me med på å skapa eit positivt omdømme av Årdal der folk kjem hit for å oppleve naturen. Dei kjem ned til bygda og handlar. Me snakkar her iallfall 1000 persondøgn. Årdal vert oppfatta som industrikommunen, men når folk kjem hit og kan jakte, fiske og drive friluftsliv til ein rimeleg penge, har det stor betydning.

Rimelege tilbod til medlemmane

For det er eit anna viktig element for lokallaget. Dei er ikkje ute etter å tene voldsomt med pengar. Er du medlem, kostar det til dømes ein hundrings for eit døgn på ei av hyttene. 

– Det har vore hensikten heile tida. Det er viktig for oss at det skal vere rimeleg slik at flest mogleg skal kunne fiske og jakte. Det gjer at folk reiser hit. Eg møtte ein gang på nokon frå Voss som skulle til Trøndelag å fiska. Dei hadde tid til ein pause og fisking her i Årdal og sa etterpå at det var som å hoppe over bekken etter vatn. Etter kvart som det har blitt attraktivt for andre å kome hit, har også innbyggjarane byrja å oppfatte kor attraktiv naturen er her.

Riktig skjøtting av naturen

Når leiaren no ser framover, er det med bakgrunn i uroen innleiingsvis at han skisserer utfordringane for framtida. I tillegg til at dei ønskjer fleire ungdommar, er det heilt sentralt at ein no lærer opp nye jegerar og fiskarar til å skjøtte naturen riktig.

Artikkelen held fram under biletet.

UNGE: Den store utfordringa til Årdal Jeger- og fiskerforening er å få med dei unge. Når dei først blir med, blir det utruleg viktig å lære dei korleis ein skal skjøtte naturen riktig.
UNGE: Den store utfordringa til Årdal Jeger- og fiskerforening er å få med dei unge. Når dei først blir med, blir det utruleg viktig å lære dei korleis ein skal skjøtte naturen riktig.

– Framover blir det viktig å ha eit godt forhold til grunneigarar slik at me kan ha dei tilbod me har og skjøtte ressursane på ein slik måte at me kan beholde dei. At grunneigarane har tillit til oss er viktig for oss. Viss me kan bidra til vekst i vassdraget med meir fisk, gjer det at me beheld kontraktane.

– Samstundes er faren at det blir så godt og populært at prisen går opp, og så mistar me det av den grunnen, men den sjansen må me ta. Det er grunneigaren som har retten og bestemmer, og me må vera takknemlege for at me får lov. I Årdal har me eit utruleg godt forhold til grunneigarane.

Til toppen